Kor e’ tonen

Kor e’ tonen er eit blandakor med forholdsvis ung medlemsmasse og rundt 30 koristar. Me øver kvar måndag kl. 18.30-21.00 i Gimle i Kong Oscarsgate 18.

Repertoaret vårt er variert: vi synger både pop, klassisk, folkemusikk og andre genre. Det hender også at vi prøver oss på litt musikalsk lek og improvisasjoner. Vi har vanligvis to konserter i året, i tillegg til andre mindre opptredener.

Dirigent er Thea Meidell Sjule. Thea har musikkpedagogisk utdanning fra Høgskolen i Bergen og Volda og har nylig fullført direksjonsstudier ved konservatoriet i Tromsø.

Ynskjer du å vere med?

Vi har pr. høst 2018 et begrenset antall sopran- og alt-plasser ledige, og relativt ubegrenset antall bass- og tenor-plasser. Send ein epost til koretonen@hotmail.com, så svarer vi deg så snart som råd.

Vi har åpen øving mandag 13. august kl. 17:30 i Gimle, Kong Oscars gate 18.

Nyhende

Foto: Kjersti Johanne Nybø

Vinjekveld

Laurdag 17. november arrangerte Bergen Ungdomslag Ervingen lagskveld med Vinje som tema. 2018 markerer 200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje sin fødselsdag. Vinje vart feira med innslag frå ulike grupper i laget; koret og kvedargruppa song, ungdomsringen dansa til juniorspelemannslaget sin tonar, og Guro Haugen og Thea Sjule framførte ein song. I tillegg kom Jens Khil […]

Konsert_KET

Konsert med Kor e Tonen og Voix-Ci Voix-La

Koret Voix-Ci Voix-La frå Lyon i Frankrike kjem på Bergensbesøk etter påske og held konsert i Gimle saman med Kor e Tonen, sundag 23. april kl. 18. Det vert eit rikhaldig program med innslag av madrigalar, folketonar, poplåter, french chansons, jazz, og meir. Velkommen til ein herleg vårkonsert med variert og flott korsong! https://www.facebook.com/events/1896983353850301/

nisse-med-fele

Julelagsmøte 12. desember

Måndag 12. desember vert det julegraut, åresal, trekking av medlemslotteriet, underhaldning og julesongar i Gimle. Det tradisjonelle julelagsmøtet til Bergen ungdomslag Ervingen vert halde denne dagen, og det heile startar kl. 18.00. Kven får mandelen iår? Er grauten like god som alltid? Vert det quiz? Kven vinn hovudvinsten i medlemslotteriet? Kven har seld flest loddbøker? […]

Medan vi ventar...

Medan vi ventar…

Kom i julestemning med Kor é tonen! Tradisjonen tru skipar koret vårt til julekonsert sundag 11. desember kl. 18.00 i Gimle. Her kan du få ein liten smakebit av noko av det du har i vente, om du kjem på konserten på sundag! Vel verd ein tur! Alle er hjartleg velkomne. Pris kr. 100 (medl./stud.) / […]

Foto: Bjørn Feltens

Ny dirigent, nye songar, ny giv!

Etter ein lang, velfortent sommarferie, og ein relativt mjuk oppstart, er Kor e Tonen no godt i gong med haustsesongen. Ikkje berre har vi spennande nytt repetoar å sette klørne i, og nye songarar i rekkene, koret har òg fått ny kunstnarisk leiing! Thea Meidell Sjule byrja i stillinga som ny fast dirigent for Kor e […]

Kor e' tonen mot ein ny vår

Kor e’ tonen mot ein ny vår

Kor e’ tonen har det alltid kjekt på øvingane sine. No vil dei at fleire skal bli med på moroa. Måndag 18. januar inviterer koret til open øving for alle som lurer på om koret er noko for dei. Så om du er på leit etter eit ungt blandakor i Bergen, med eit vidt repertoar […]

default_12291971_1019354904790338_6681701464567396978_o

Med tente lys

Søndag 13. desember, på sjølve Lucia-dagen, vert det tente lys og lun stemning, når Kor e’ tonen og Audhilds inviterer til julekonsert. Dei siste månadane har julesongar vore i fokus fleire kveldar i veka i Gimle. Kor e’ tonen har sidan oktober øvd på julesongar, medan Audhilds sette tennene, og bogane, i materialet tidleg i […]

Laga av Lauen Dans&Design