Øver omlag annakvar måndag i Gimle, Kong Oscarsgate 15.
Juniorspelemannslaget er eit hardingfelelag for barn og unge i alderen 8- 18 år. Spelemannslaget er eit samarbeidsprosjekt mellom Bergen Kuturskole og Bergen ungdomslag Ervingen.
Spelemannslaget vart starta for at elevane i Bergen Kulturskole skulle få eit tilbod om samspel. Juniorspelmannslaget kjøper instruktørtimer fra kulturskulen. Det naudsynt at medlemane får individuell / smågruppebasert undervisning i kulturskulen (eigen søknad vert å senda til Kulturskolen i Bergen), eller privat.
Gjennom spelemannslaget får elevane høve til å delta aktivt i et folkemusikkmiljø (konsertar, kappleikar, dansespel osb) og vera synlege som ein del av musikkmiljøet for born i Bergen. Det at juniorspelmannslaget er ein del av Bergen ungdomslag Ervingen gjev medlemane høve til å setja si interesse for hardingfelespel i ein breidare folkekulturell kontekst, då dei vert ein naturlig del av denne organisasjonen sine øvrige aktivitetar. Juniorspelmannslaget øver omlag 6 måndagar pr semester, samt diverse framsyningar / konsertar nokre helger i semesteret.
Våren 2021 (øvingstid 18.00-20.00): Oppmøte kl 18 (speleklar kl 18.20), pause kl 19.15, “gamle” medlemar kl. 19.25-20.00 :
11.jan, 1. og 15. feb, 8.mars (aspirantbesøk?), 22.mars, 12.april, 3. og 31.mai, 14.juni + 7.juni: kun for trio/kvartett 18.00-20.00
Solokonsert 25.januar kl 18-20
30.januar – for 8.klasse og oppover: kursdag i regi av Osterøy spel og dansarlag
5-7.febr Hyttetur Varegghytten (fokus på skiaktivitet og det sosiale – utan feler)
Søndag 14.mars (evt lørdag 20.mars) intern sjokoladekappleik (erstattar Hordamønstring). Inkludert aspirantar (lagspel og solospel, trio/kvartett)
NB! 23-25.april kurs for sp.laget med gjesteinstruktør på Grimseidholmen i Fana
Søn 6.juni Sommarkonsert m pizza (?) inkl aspirantar visst mogleg ca kl 16-18
7.eller 14.juni aspiranttreff for nye medlemer haust 2021 (Bringebærslåtten og Åshild Revheim sin vals er opptakskrav)
Landskappleik Rjukan 23.-27.juni solo- og gruppespel. Lagspel?
Førde internasjonale folkemusikkfestival 7.-11.juli. Bergen Juniorspelemannslag er invitert
- Ekstratilbud for vidarekomne elevar i laget:
- Solo dansespel for vidarekomne elevar på omgang for barnelaget v / Ida Marie (liste over når og kven, samt repertoarliste vert lagt i dropboks)
- Trio/kvartett øvingar ca 3 øvingar pr semester med Maria Toppe, samt eigenøving i gruppe
Har du lyst til å vera med i juniorspelmannslaget, er det berre å ta kontakt. Opptakskravet er “Bringebærslåtten” og “Åshild Revheim sin vals”.