Forfattararkiv

Foto: Kristin Dancke Molvik

“Bjørnen, reven og agurkskurken potet»

Sundag 7.april står born og unge i laget på scena i Fensal. Dei skal vise sitt heilt eige eventyr med song, dans, spel og teater! Maria Skjeldrum Toppe og Inga Myhr er ansvarleg for førestillinga. Dei er allereie instruktørar på fele og i dans, og kjenner såleis mange av deltakarane. Dei har og erfaring frå […]

Foto: Kjersti Johanne Nybø

Vinjekveld

Laurdag 17. november arrangerte Bergen Ungdomslag Ervingen lagskveld med Vinje som tema. 2018 markerer 200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje sin fødselsdag. Vinje vart feira med innslag frå ulike grupper i laget; koret og kvedargruppa song, ungdomsringen dansa til juniorspelemannslaget sin tonar, og Guro Haugen og Thea Sjule framførte ein song. I tillegg kom Jens Khil […]

Hotel Hordaheimen

Sal av Hordaheimen

Under fyljer ei orientering frå Fonds- og eigedomsstyret om salet av Hotel Hordaheimen. Ervingen Lagsbruk AS har no seld Hordaheimen. Både hotelldrifta og eigedomane i C.Sundtsgate er seld. Bakgrunnen for salet er dårleg drift med store underskot dei siste tre åra, og ynskje frå medlemsflokken om å bruke energi og ressursar på andre aktivitetar enn […]

Hallingkurs

Ungdomsringen har skrive årsmelding for 2017, og vil gjerne dele eit av høgdepunkta; hallingkurs for ungdom med Martin Myhr laurdag 20.mai. Det blei ein kjekk, slitsam og innhaldsrik dag. Ni deltakarar møtte opp i Gimle til kurs kl. 10.30. Ei variert gruppe, der nokre hadde dansa mykje og nokre ikkje hadde dansa særleg mykje før. […]

Nissen i Gimle

Nissen har vore i Gimle!

Måndag 08.januar var det juletrefest i Gimle. Sjølvaste nissen hadde sett av tid til oss, etter ein velfortent ferie. Omkring 20 born og like mange vaksne hadde møtt fram i Gimle. Ein fin blanding av barn som dansar i barnelaget eller som har foreldre/besteforeldre som dansar i laget. Ida Marie Rognsvåg og Tora Fjeld leia […]

Minneord Finn Vabø

Det var med sorg styret fekk melding om at heiderslagsmeldem Finn Vabø gjekk bort sundag 26.11. november. I minnestunda torsdag 07.12 blei orda under meddelt familie og vener. På vegne av Bergen ungdomslag Ervingen vil eg takka heiderslagsmedlem Finn for hans innsats i laget. Det er vanskeleg å rekna ut kor mange timar Finn har […]

Kristoffer Kleiveland

Satsing på rekruttering

Årsmøte vedtok gjennom arbeidsprogram og budsjett for 2017 å satse på rekruttering. Frå 01.juni har Kristoffer Kleiveland vore tilsett i ei 20 % stilling i laget, for å få frem nye idear og koordiner rekrutteringstiltak. Kristoffer Kleiveland er gjerne kjent for fleire som toradarspelar. Han har fordjupe seg i toradar gjennom studiar ved Ole Bull […]

Sommaren 2017

Før haustsemesteret er ordentleg i gong, tek me oss tid til eit tilbakeblikk over lagaktivitet i sommarmånadane. 9.-11.juni var det Fylkesstemne for born. Takk til alle deltakarar at de var med på å gjere helga så bra! Det vart dans, leik, baking, teikning, fotografering, speiding, hoppetau laging, stemnetog og natursti. I tillegg tok me bybana, […]

Mann som kanskje kan vera aktuell som julenisse.

Søker medlem med naturleg skjegg

Måndag 9. januar arrangerer barnelaget juletrefest i Gimle. Då julenissen er på ferie, treng me ein vikar. Me har vore i kontakt med Manpower, men det er få tilgjengelege nissevikarar i denne travle nissetida. Om du ikkje har skjegg, kan du byrja å spara nå. Kvalifikasjonar: – kler raudt – liker ungeskrik – får plass […]

Folkedansarar dansar stordans på Schøtstuene

Stor stemning på Schøtstuene!

Laurdag 17. september inntok nærare seksti dansarar Schøtstuene for ein heilaftan med dans til gamle songar om store kråker, unge møyar, riddarar og stormfulle reiser. I løpet av kvelden var ein òg innom kjempar, helgenar, mange tragiske skjebnar og heldigvis ein og annan lykkeleg slutt under leiing av mange ulike skiparar eller forsongarar. Stordansen blei […]

Laga av Lauen Dans&Design