Arkiv | Fest

RSS-straum for denne seksjonen
danse-sa-fela

Danse, sa fela! – AVLYST

Familiefolkedans og workshop i Gimle, 15. mars kl. 16-18. “Danse, sa fela!” Danse, sa fela er ei eventyrleg reise inn i huldrefolket sitt rike, med friske hallingspark og saftig felespel! Ei lita jente blir sett på prøve når ho blir bergteken inn i fjellet. Kan fuglar, hestar og ormar hjelpe ho? Med kløkt, spenst og […]

Stordanskveld 12. oktober

Stordanskvelden er tilbake! I år er Schøtstuene under oppussing, så me flyttar oss til Kulturhuset Danckert Krohn, der me skal dansa i dei fine gamle stovene som ligg innover på rekke og rad. Omgjevnadene blir altså nye, men songane om store kråker, fulle mannfolk, kvinner som reddar brørne sine, store kjemper, riddarar som døyr og […]

Verdskafeen 18. september

Onsdag 18. september klokka 17.00-22.00 inntek Bergen ungdomslag Ervingen Verdskaféen i Nygårdsparken med folkedans, folkemusikk og mykje god mat. Du får her sjå framsyningar frå dei ulike gruppene i laget vårt, og får høve til å vera med oss å dansa og kanskje spela litt. Me stiller óg med god mat og nydeleg kaffi som […]

17. mai-feiring

17. mai-feiring

Det vert prosesjon, kafe og danseframsyning på 17. mai. Oppstilling i prosesjonen er kl. 10.00 på Koengen. Me går i kolonne 5. Kafeen i Gimle er open kl. 12.00-14.30. Sal av rømmegraut, pølse med brød, kake, is og brus. Velkommen innom. Danseframsyninga er kl. 18.30 på Festplassen / Torgallmenningen. Oppmøte i Gimle kl. 17.00

Bjørnen, reven og agurkskurken Potet

Sundag 7. april kan du sjå musikk- og danseforestillinga “Bjørnen, reven og agurkskurken Potet” i Fensal kl.14.00 eller kl. 16.00. Barn og ungdom frå Bergen ul Ervingen har gjennom vinteren og våren jobba med forestillinga, saman med produsentane Maria Toppe og Inga Myhr. Velkommen til ei spanande forestilling der me møter bjørnen og reven som får […]

Foto: Kjersti Johanne Nybø

Vinjekveld

Laurdag 17. november arrangerte Bergen Ungdomslag Ervingen lagskveld med Vinje som tema. 2018 markerer 200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje sin fødselsdag. Vinje vart feira med innslag frå ulike grupper i laget; koret og kvedargruppa song, ungdomsringen dansa til juniorspelemannslaget sin tonar, og Guro Haugen og Thea Sjule framførte ein song. I tillegg kom Jens Khil […]

live-bjornstad

Familiefolkedans- og barnebokkveld

Er du nysgjerrig på dans, og har lyst til å prøva? Ynskjer du å møta andra som likar å synga og dansa? Live Havro Bjørnstad som er tilsett som “lesegledar” i Hordaland Fylkeskommune kjem og les for oss. Det vert framsyning med barnelaget og konsert med Bergen Juniorspelmannslag. I pausen vert det servert saft, kaker, […]

17. mai

17. mai

Tradisjonen tru vert det 17.-mai-feiring med Bergen ungdomslag Ervingen. Me deltek i hovudprosesjonen, som har oppmøte på Koengen kl. 10.00 og me går saman med bygdelaga i kolonne 3. Det vert også i år seniortribune på Torgallmenningen. “Veteranar” som ynskjer å reservera plass under Hovudprosesjonen må melda seg til Bygdelagsnemndi. Bergen ul Ervingen har 17. mai-kafé i […]

Laga av Lauen Dans&Design