Kvar måndag kl. 18.30-20.00 i Gimle, Kong Oscars gate 18.
Ungdomsringen er ein gruppe ungdommar som møtest kvar måndag for å dansa norsk folkedans. På programmet står både pardansar, turdansar der tre eller fleire dansar saman, og songdansar. Det er ingen krav om forkunnskapar, og både dei som er ferske og dei som har dansa mykje finn nye utfordringar. Dei fleste medlemane går på ungdomsskule eller vidaregåande skule. Vi er ein sosial gjeng, som har det kjekt saman.
I tillegg til vanlege øvingar, reiser me på turar både til lagshytta vår på Eidsholmen, dansesamlingar for ungdom i Hordaland, årlege dansesamlingar for ungdom frå heile landet (Sommarleiren til Noregs Ungdomslag) og stundom til utlandet. Vi går også på dansekveldar i regi av laget.
Øvingane er for ungdom frå 7. klasse og oppover.
Har du lyst til å dansa folkedans med andre ungdommar, er det bere å gje ein lyd til kontoret@bergen.ungdoslag.no