Øving kvar onsdag kl.18.00-20.00 i Gimle.
Fyrste øving våren 2021 er 20. januar.Audhilds er den ”vaksne delen” av spelmannslaget i Bergen ungdomslag Ervingen. Audhilds består av omlag 20 medlemar frå 17 år og oppover. I hovudsak er det studentar som er med i gruppa, men me er opne for alle som vil vera med å spela. Det er først og fremst hardingfela som vert traktert, men me har også ein cellist og torardarspelarar blant medlemane.
Repertoaret i Audhilds er norsk folkemusikk. Utanom dei faste øvingane reiser med på hyttetur, kappleiar og andre festivalar me har lyst å delta på. Me ynskjer alle som har lyst til å spela med oss hjartleg velkomne!

Plan for våren 2021: