Oppstart for barnelaget hausten 2021 vert måndag 23. august.
Øvingane finn stad i Gimle, Kong Oscars gate 18, kl. 17.00-18.15 kvar måndag.
Barnelaget er for alle barn i alderen 5-13 år som likar dans, song og leik! Borna er inndelt i tre grupper, avhengig av alder.
Gruppe 1: førskulebarn og 1. klasse
Gruppe 2: 2.-4.klasse
Gruppe 3: 5.-8. klasse
På øvingane våre har me alltid med spelemann. Kvar haust og vår har me familiefolkedans, der juniorspelemannslaget speler og me dansar. Der kan ein ta med sysken, vener, tante, onkel eller den ein vil! Eit par gonger i året reiser me på hyttetur på den fine lagshytta vår på Eidsholmen. Barnelaget reiser óg på fylkesstemna for born i regi av Hordaland Ungdomslag kvar vår. Laget har framsyningar mellom anna på alders- og sjukeheimar i Bergen.
Kom gjerne innom ei øving om du er nysgjerrig!
Plan for barnelaget hausten 2022:
22. august: Oppstart barnelaget
29. august Vanleg øving
5.september: Vanleg øving
9-11. september: Hyttetur, dansing på hytta vår på Grimseid / Eidsholmen i Fana.
12. september: Planleggingsdag for skule og barnehage – øving utgår
19. september: Vanleg øving; Foreldremøte i øvingstida, på kontoret i Fensal
26. september: «Ta-med-ein-ven-øving»
03. oktober: Vanleg øving.
10. oktober: HAUSTFERIE – øving utgår
17. oktober: Vanleg øving. Vi øver til Familiefolkedans
22. oktober: Familiefolkedanskveld Meir info kjem seinare
24. oktober: Vanleg øving
31. oktober: Kakao-øving
07. november: Vanleg øving
12. november; Dansefest. Meir info kjem seinare.
14. november: Vanleg øving
21. november: Lommelykt-øving
28. november: Vi øver til Julelagsmøte (besøk på Domkirkehjemmet?)
05. desember: Julelagsmøte. Meir info kjem seinare.