Innmelding

For å delta på aktivitetar i Bergen ungdomslag Ervingen må du vere medlem i laget.

Vaksne kr. 700,-
Ungdom (14-26 år) kr. 500,-
Born (under 14 år) kr. 450,-

I tillegg har me ei aktivitetsavgift på kr. 150,- pr. halvår, som du betalar dersom du er med på ein eller fleire faste aktivitetar i laget.

For å melde deg inn kan du anten fylle ut skjemaet under eller så kan du ta kontakt med kontoret på kontoret@bergen.ungdomslag.no eller +47 55 31 74 46.

For born under 14 år må ein fylle ut eige skjema med underskrift frå føresette. Last ned skjemaet her, og lever det til kontoret eller særlaget ditt.

Føremål
Bergen ungdomslag Ervingen, skipa 2. mars 2005, er ei vidareføring av Bondeungdomslaget Ervingen og Bondeungdomslaget i Bergen.

Bergen ungdomslag Ervingen er eit frilyndt lag som arbeidar for norsk mål og kultur.

Laget skal vera ein aktiv medspelar i utviklinga av eit levande og godt miljø for alle aldersgrupper.

Laget er tilmeld Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, og skal samarbeida med hovudorganisasjonane og nærskylde lag.

Laga av Lauen Dans&Design