Føremål
Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som tilsvarer C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend. Prisen er støtta av Sparebanken Vest med fleire, og har vore delt ut årleg sidan 2007.

Audhild Flaktveit Moxnes