Maks 5 per lag. De kan kommunisere ved å ringe kvarandre, ha ein videosamtale eller bu i same eining. Elles er einaste andre lovlege hjelpemiddel Google Maps. Løys rebusane for å komma fram til ein stad. Svar på kontrollspørsmåla ved å “reisa” dit. I Google Maps står denne personen nede i høgre hjørne. Dra personen […]
Arkiv | Lagsmøte
RSS-straum for denne seksjonen
Julelagsmøte
Bergen ungdomslag Ervingen skipar til julelagsmøte måndag 09. desember, klokka 18.00-21.00 i Gimle. Det vert servering av julegraut, kaffi og kaker. Underhaldning av ulike særlag, åresal, trekking av medlemslotteriet, song og dans. Hjartleg velkomen.

Vinjekveld
Laurdag 17. november arrangerte Bergen Ungdomslag Ervingen lagskveld med Vinje som tema. 2018 markerer 200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje sin fødselsdag. Vinje vart feira med innslag frå ulike grupper i laget; koret og kvedargruppa song, ungdomsringen dansa til juniorspelemannslaget sin tonar, og Guro Haugen og Thea Sjule framførte ein song. I tillegg kom Jens Khil […]

Rebusløp
Måndag 7. mai 2018 vert det rebusløp gjennom gatene i Bergen. Bergen ul Ervingen skipar kvart år til rebusløp, med start og mål i Gimle (Kong Oscarsgate 18). Det startar klokka 18.00, og ein kan møta opp saman med laget sitt, eller ein kan møta opp og bli med på eit lag. Alle som kjem […]

Årsmøte i Bergen ungdomslag Ervingen
Tysdag 20. februar kl. 18.00 vert det årsmøte i Bergen ul Ervingen, i Gimle. Styret i Bergen ungdomslag Ervingen ynskjer alle medlemane velkomen til årsmøte 20. februar, og håpar mange av medlemane deltek på årsmøtet og vert med å forma laget det neste året. Det er medlemane i laget som er laget, og difor veldig […]

Kinokveld 30. januar 2017
Bergen Kino, KP2: Måndag 30. januar kl. 17.00 syner Bergen Kino filmen “Med hjertet i dansen“. Filmen handlar om gleda i å dansa og ynskje om å bli god. Men mest av alt om å ha ein ven å støtta seg til når ting vert vanskeleg. For deg som elskar dans, […]

Julelagsmøte 12. desember
Måndag 12. desember vert det julegraut, åresal, trekking av medlemslotteriet, underhaldning og julesongar i Gimle. Det tradisjonelle julelagsmøtet til Bergen ungdomslag Ervingen vert halde denne dagen, og det heile startar kl. 18.00. Kven får mandelen iår? Er grauten like god som alltid? Vert det quiz? Kven vinn hovudvinsten i medlemslotteriet? Kven har seld flest loddbøker? […]

Dårlege idear og glade ungar
Rine og Ravi liker å lære nye ting. Men på skulen er ikkje dette lett. Lærar-Knut er nemleg veldig glad i bråk og tull, og han er ein meister i dårlege idear. Og ein må vel gjere slik læraren seier? Forfattar Vegard Markhus besøkte Gimle under familiefolkedans- og barnebokkvelden sundag 23. oktober. Omlag 40-50 ungar og […]

Vegen vidare?
Bergen ungdomslag Ervingen har passert 10 år med ei vellukka jubileumsfeiring. Men vi opplever også nedturar med store økonomiske problem og sviktande rekruttering til forretningsdrifta og ein alvorleg nedgang i medlemstalet i laget. Dei siste åra har vi også, både lagstyret og andre, brukt mykje tid på å finna fram til andre måter å organisere oss på utan å lukkast. Så korleis […]

Rebusløp
Tradisjonen tru vert det rebusløp også i år! Måndag 9. mai klokka 18.00 i Gimle. Rebusnemnda stiller med finurlege rebusar som tek deg med gjennom Bergen sentrum. Ta med deg vener, familie og kjende og still med eit lag – eller berre møt opp i Gimle og bli med på eit lag. Det er plass […]