Dokument

Syn dokumentet: Lov for Bergen ungdomslag Ervingen

LOV FOR BERGEN UNGDOMSLAG ERVINGEN

§1 FØREMÅL
Bergen Ungdomslag Ervingen, skipa 2. mars 2005, er ei vidareføring av Bondeungdomslaget Ervingen og Bondeungdomslaget i Bergen.

Bergen Ungdomslag Ervingen er eit frilynt lag som arbeider for norsk mål og kultur.

Laget skal vera aktiv medspelar i utvikling av eit levande og godt miljø for alle aldersgrupper.

Laget er tilmeldt Noreg Mållag og Noregs Ungdomslag og skal samarbeida med hovudorganisasjonane og nærskylde lag.

§ 2 MEDLEMSKAP OG LAGSPENGAR
Medlemer i laget kan dei verta som vil fremja føremålet med laget, har fylt 14 år og betalar lagspengane. Røysterett i laget får ein etter 3 månader som medlem.

Barn kan verta medlemer når dei betalar dei fastesette lagspengane for barnemedlemer. Barnemedlemer har ikkje røysterett i laget.

Rådet kan nemna ut heidersmedlemer etter framlegg frå styret.

Styret kan stryka medlemer som ikkje betalar lagspengane, motarbeider føremålet til laget, skadar laget eller ikkje vil retta seg etter lov og føresegner for laget. Slikt vedtak kan ankast inn for rådet.

§ 3 ÅRSMØTE
Årsmøtet er høgste styringsmakta i laget. Det skal haldast årsmøte i laget kvart år, til vanleg innan 1. mars. Styret kallar inn til årsmøte og kunngjer saklista seinast 14 dagar før møtet. Saker til årsmøtet skal vera sendt til styret innan 1. desember.

Årsmøtet skal vedta lagslov, godkjenna styringsføresegner, fastsetja lagspengane, ta stode til årsmelding, ettersett rekneskap, budsjett, arbeidsplan og andre saker som styret legg fram.

Årsmøtet skal velja styre, råd og gjera andre val i samsvar med styringsføresegnene.

Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, styret eller rådet i laget eller 1/3 av medlemene krev det. Styret kallar inn til omframt årsmøte seinast 7 dagar føreåt ved rundskriv til medlemene.

§ 4 STYRE OG RÅD

Laget har eit styre med 1 leiar og minst 4 medlemer med minst 2 varamedlemer. Laget har eit råd med 1 leiar og 6 medlemer med 3 varamedlemer. Rådet skal følgja med i alle økonomiske spørsmål som vedkjem laget, ha tilsyn med laget sine eigneluter og elles vera eit rådgjevande og kontrollerande organ for laget.

§ 5 SÆRLAG OG NEMNDER
Laget kan ha særlag og nemnder til å ta seg av særskilde oppgåver. Særlaga skal alltid arbeida i samråd med styret.

§ 6 RUSFRITT MILJØ
Ingen skal nytta rusdrykk eller andre rusgifter på samkomer i laget.

§ 7 OPPLØYSING
Oppløysing av laget krev vedtak på 2 vanlege påfølgjande årsmøte med minst eitt års mellomrom med minst 2/3 fleirtal. Dersom eit mindretal på minst 1/3 av medlemene over 14 år vil halda fram med det gamle lagsnamnet og etter dei gamle føremålet, tek dette mindretalet over namnet og eiga til laget. Slikt krav må sendast styret innan 6 månader etter vedtak på første årsmøte.

Dersom laget ikkje har halde årsmøte og sendt årsmelding 3 år etter kvarandre, skal det reknast som oppløyst.

Sluttar laget skal Hordaland Mållag og Hordaland Ungdomslag ta vare på og forvalta eiga i 15 år, og i denne tida freista å få laget i gang att. Lukkast ikkje dette, skal desse laga nytta medelen i samsvar med føremålet i § 1.

§ 8 ENDRINGAR I LAGSLOVA OG STYRINGSFØRESEGNER
Denne lova kan endrast på eit vanleg årsmøte når 2/3 av dei frammøtte er samde i det. Endring i § 1, 7 og 8 krev slikt vedtak 2 år etter einannan.

Styringsføresegnene for laget kan endrast av eit årsmøte med vanleg fleirtal.

Framlegg til endringar i lov og styringsføresegner skal sendast skriftleg til medlemene minst ein månad før årsmøtet.

Syn dokumentet: Styringsføresegner for Bergen ungdomslag Ervingen

STYRINGSFØRESEGNER FOR BERGEN UNGDOMSLAG ERVINGEN
Vedtekne på skipingsmøte 2. mars 2005, endra på årsmøte 15. februar 2006, omframt årsmøte 18. juni 2008, årsmøte 12. februar 2014 og årsmøte 18. februar 2015.

Bygde på styringsføresegner for Bondeungdomslaget i Bergen og Bondeungdomslaget Ervingen, men korrigerte for ny organisering.

§ 1 Lagsarbeidet
Laget vil arbeida med oppgåver i samsvar med §1 i lagslova. Prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag og norsk målreising bygd på prinsipprogrammet til Noregs Mållag skal vera grunnlag for lagsarbeidet.

§ 2 Laget er med i
Noregs Ungdomslag gjennom Hordaland Ungdomslag, Noregs Mållag gjennom Hordaland Mållag, og Bygdelagsnemndi i Bergen.

Laget kan også vera med i og samarbeida med andre organisasjonar. I samråd med rådet kan lagsstyret eller fonds- og eigedomsstyret melda laget inn eller ut av slike organisasjonar.

§ 3 Årsmøtet

Årsmøte og omframt årsmøte skal haldast og kunngjerast i samsvar med § 3 i lagslova. Innkalling med sakliste skal sendast kvar einskild medlem. Berre saker som står på saklista kan takast opp til avgjerd på årsmøtet.

Årsmøtet vel: Lagsstyre og leiar i lagsstyret, råd og leiar i rådet, styre for særlag og nemnder, fonds- og eigedomsstyre, ettersynsfolk, valnemnd, og gjer elles alle val som årsmøtet pålegg.

Dei særlege verv i lagsstyret og rådet som kjem fram i styringsføresegnene skal veljast av årsmøtet.

Årsmøtet vel også utsendingar til årsmøta i Noregs Mållag, Hordaland Mållag, Noregs Ungdomslag og Hordaland Ungdomslag

§ 4 Styret

Styret skal samordna alt lagsarbeid og har ansvaret for at lagsarbeidet er organisert på ein forsvarleg måte. Det ser til at dagleg leiing, særlag og nemnder arbeider i samsvar med lover, føresegner og retningsliner for drifta. Styret har ansvaret for driftsøkonomien i laget.

Styret er ansvarleg for alle tilskipingar når lagsnamnet vert nytta. Når styret finn det tenleg, kan tillitsfolk og andre lagsfolk kallast inn til samråding.

Styret er vedtaksført når minst 4 er til stades. 1. varamedlem skal kallast inn til styremøte, men er utan røysterett når alle er til stades.

Styret er ansvarleg for at årsmelding, årsrekneskap og budsjettframlegg for lagsdrifta, inkludert særlag og nemnder, vert sende til rådet for uttale i god tid før årsmøtet.

Styret set opp sakliste for årsmøtet og legg fram årsmelding, rekneskap og budsjettframlegg.

Styret kan tilsetja dagleg leiar/administrativt personale.

Arbeidsinstruks og tilsetjing/arbeidsavtale skal godkjennast av rådet.

Styret har personalansvar for alle tilsette.

Styret skal ha leiar, nestleiar, økonomiansvarleg, PR- og rekrutteringsansvarleg og tilskipingsansvarleg.

§ 5 Rådet

Rådet skal vera eit kontrollerande og rådgjevande organ.

Rådet skal ha leiar og 6 medlemmer med 3 varamedlemmer. Alle som sit i rådet, må ha vore med i laget i minst 2 år og kan ikkje samstundes vera medlem / varamedlem i lagsstyret, fonds- og eigedomsstyret eller i styra for lagsbruka. Leiar i lagsstyret møter fast på rådet sine møte, men er ikkje medlem. Rådet er vedtaksført når minst 5 rådsmedlemmer er til stades.

Rådet sine oppgåver er å:

  • ha tilsyn med lagsstyret, dagleg leiar, fonds- og eigedomsstyret og eigarinteressene i lagsbruka
  • gje tilråding om årsmelding, årsrekneskap og budsjett frå lagsstyret og fonds- og eigedomsstyret
  • gje tilråding om endringar i lover og styringsføresegner
  • godkjenna tilsetjingar og tenesteføresegner
  • kunna gje tilråding i viktige saker som skal fram for årsmøtet
  • kunna gjera vedtak i andre saker når lagsstyret eller fonds- og eigedomsstyret ikkje er vedtaksføre

§ 6 Særlag og nemnder
Særlag og nemnder skal arbeida i samsvar med føremålet til laget og i nært samarbeid med lagsstyret. Ingen kan vera medlem i særlag og nemnder utan å vera medlem i hovudla­get.

Kvart år skal særlag og nemnder senda årsmelding til lagsstyret.

Laget har desse særlaga og nemndene:

  • Folkedanslaget skal arbeida med folkelege norske dansetradisjonar som bygdedans, turdans, runddans og songdans. Styret i folkedanslaget skal ha leiar og 4 medlemmer.
  • Ungdomsgruppa skal arbeida med vanlege lagsaktivitetar som folkedans, musikk, teater o.a. tilpassa alderstrinnet. Styret skal ha 3 medlemmer og vel kontaktperson seg imellom.
  • Barnelaget skal driva med lagsaktivitetar tilpassa for barn. Foreldra bør ta del i arbeidet, og ein må syta for samkomer der foreldra kan vera til stades. Styret i barnelaget skal ha leiar og 2 medlemer. Desse må enten vera medlemer i laget eller føresette for barn i barnelaget.
  • Teaterlaget skal vera eit tilbod for å auka teaterinteressa og gje dei aktive i teaterlaget personleg utvikling og framgang i teaterarbeid. Styret skal ha leiar og 2 medlemmer.
  • Toradargruppa ”Gimlingane” skal arbeida for å auka musikkinteressa, særleg musikk for toradar, og skal gje medlemmene høve til samspel. Styret skal ha 2 medlemmer.
  • Audhilds skal ha som føremål å dyrke og ta vare på dei lokale speltradisjonane. Audhilds skal drive opplæringsarbeid, vera ein møteplass for spelemenn og ta opp spørsmål som er aktuelle for dette arbeidsfeltet. Medlemene i særlaget skal vera medlemer av FolkOrg. Styret skal ha leiar og 2 medlemer. Leiar er kontaktperson til FolkOrg.
  • Juniorspelemannslaget skal driva spelemannslag for barn med tilhøyrande opplæringsarbeid. Medlemene i særlaget skal vera medlemer av FolkOrg. Styret skal ha leiar og 2 medlemer. Desse må anten vera medlemer i laget eller føresette for barn i juniorspelemannslaget. Leiar er kontaktperson til FolkOrg.
  • Kvedargruppa skal arbeida med vokal folkemusikk. Kvedargruppa skal styrast av ein eller fleire medlemer frå gruppa, og vel desse sjølve.
  • Skostredet spøt og slarv skal vera ein møteplass for medlemmar i laget. Skostredet.
  • Songkoret ”Kor e’ tonen” skal vera eit tilbod for korinteresserte i Bergen. Koret har som mål å søka utvikling og å syna breidde musikalsk. Styret skal ha 3 medlemmer og 2 varamedlemmer, og konstituerer seg sjølv. Dirigenten skal ikkje vera med i styret, men bør møta på styremøta.
  • Selsvikklubben arbeider for å støtta laget.
  • Hyttenemnda står for organisering av det praktiske arbeidet med hytta og organiserer dugnadsarbeidet. Nemnda har 3 medlemmer og er underlagt fonds- og eigedomsstyret.

Særlaga kjem med framlegg til valnemnda, på kandidatar til eigne særlagsstyre.

§ 7 Fonds- og eigedomsstyret
Fonds- og eigedomsstyret skal ha leiar og 4 medlemmer.

Fonds- og eigedomsstyret har forvaltningsansvaret for alle fond og verdipapir i laget og har ansvaret for drift og vedlikehald av eigedomen Eidsholmen i Fana. Styret skal vera laget sin kontakt med lagsbruka og representera laget på årsmøtet i lagsbruka og i andre tiltak der laget har økonomiske interesser.

Disposisjonar som kan vera vesentlege for fond eller eigedomar grunna storleik eller risiko, skal leggjast fram for rådet. Fonds- og eigedomsstyret og rådet skal vera samde før vedtak vert gjort, elles må saka leggjast fram for årsmøtet.

Laget har dette fondet:
Reservefondet er skipa i 2008 etter årsmøtevedtak i Bergen ungdomslag Ervingen. Fondet er slått saman av Selsvikfondet, skipa i 1988 og endra i 2006, og Eigedomsfondet, skipa i 1990. Reservefondet har eigne vedtekter.

Lagshytta Eidsholmen kan brukast til ulike arrangement og samkomer i laget og av alle medlemmene. Når lagshytta er ledig, kan ho leigast ut til andre.

§ 8 Ettersynsfolk
2 ettersynsfolk med 1 varamedlem skal revidera alle rekneskap i laget og skriva revisjonsmelding. Dei skal få lagt fram alle bøker, bilag og opplysningar dei finn turvande for dette arbeidet. Ettersynsfolka kan ikkje veljast inn i verv som medfører rekneskap for laget.

§ 9 Valnemnda
Valnemnda skal ha 5 medlemmer. Minst 3 månader før årsmøtet ser lagsstyret til at valnemnda kjem i arbeid. Nemnda kjem med fram­legg til alle val på årsmøtet. I tilrådinga skal valnemnda ta omsyn til kjønnsfordeling av verv.

§ 10 Representasjon og fullmakter
Styret representerer laget i alt som har med lagsdrifta å gjera. Likevel kan særlag og nemnder representera laget innanfor sine arbeidsfelt. Styreleiar har prokura for det som har med lagsdrifta å gjera. Styret kan også tildela prokura for sitt område til personar i den daglege leiinga eller til andre i laget (sjå §4 Styret).

Fonds- og eigedomsstyret representerer laget innanfor sitt arbeidsfelt. Leiar i fonds- og eigedomsstyret har prokura innanfor det som har med fonds- og eigedomsforvaltninga å gjera. For større og/eller risikoprega disposisjonar trengst likevel rådet sitt samtykke (sjå §6 Rådet og §7 Fonds- og eigedomsstyret).

Signatur er ikkje tildelt. Kjøp og sal av eigedom og forpliktingar som normalt krev signatur, må vedtakast av eit årsmøte som også gjev nødvendig fullmakt til styre eller enkeltpersonar til å gjennomføra vedtaket.

§ 11 Røysting, funksjonstid og utfyllingsval
Alle vedtak vert gjorde med vanleg fleirtal om ikkje anna er sagt. Dobbeltrøyst til leiar eller andre skal ikkje nyttast.

Alle leiarar i styre, råd og nemnder skal veljast for eitt år om ikkje anna er sagt. Det same gjeld varamedlemmer og utsendingar. Alle andre medlemmer i styre, råd eller nemnder skal veljast for 2 år. Om mogeleg skal dette gjerast på ein slik måte at halvparten står på val kvart år.

Dersom tillitsfolk valde for to år må slutta før funksjonstida er ute, kan det haldast utfyllingsval for resten av funksjonstida.

Når det trengst, har styret fullmakt til å finna nye tillitsfolk fram til neste årsmøte.

Ingen kan ha samanhengande funk­sjonstid i same tillits­verv lenger enn i 12 år.

Syn dokumentet: Føresegner for Bergen ungdomslag Ervingen sitt Reservefond

FØRESEGNER FOR BERGEN UNGDOMSLAG ERVINGEN SITT RESERVEFOND

§1 Fond
Fondet vart vedteke på omframt årsmøte 18. juni 2008 ved å slå saman dei to fonda
”Eigedomsfondet” og ”Selsvikfondet”. Fondet vart etablert 1. januar 2009 med revidering på
årsmøtet 15. februar 2012, årsmøtet 13. februar 2013 og omframt årsmøte 04. april 2016.

§2 Føremål

Føremålet til fondet er å sikra laget sitt økonomiske grunnlag gjennom å tryggja eigedomane
Fensal, Gimle og Eidsholmen og anna eige til lag og lagsbruk som gir inntekter til laget, og å
yta økonomisk stønad til drifta av laget og til investeringar eller særlege tiltak elles som ikkje fell
inn under den vanlege lagsdrifta.

§3 Fondsmiddel:

Fondet består av to delar:

  1. Likvide midler plassert i bank og fond.
  2. Ein ikkje likvid ”obligasjon, eit renteberande lån til Ervingen Lagsbruk AS.

§4 Fondsstyre

Fonds- og eigedomsstyret i Bergen ungdomslag Ervingen er styre for Reservefondet og rapporterer til Rådet.

§5 Forvaltning

Fonds- og eigedomsstyret skal ta vare på og auke fondsmidlane på beste måte.

Dette skal særleg gjerast ved å plassere midlane i bank, fond, lån mot pant i fast eigedom innanfor 60% av marknadstakst eller i andre sikre plasseringar til best mogleg avkasting.
Slike plasseringar kan Fonds- og eigedomsstyret gjere åleine.

Dersom midlar skal plasserast til ein høgare risiko, kan Fonds- og eigedomsstyret gjere dette i samråd med Rådet.

§6 Årsoppgjersdisposisjonar og løyvingar av fondsmiddel.
6.1 Årsoppgjersdisposisjonar.
Fondet sitt årsresultat (avkastning når finanskostnader er trekt frå) skal årsmøtet fordela mellom  styrking av fondsmiddelen og overføring til lagsdrifta, etter innstilling frå Fonds- og eigedomsstyret og Rådet.

Årsmøtet avgjer kvart år, etter forslag frå Fonds- og eigedomsstyret og Rådet, om det er råd å verdiregulera den likvide fondsmiddelen ved å leggja KPI til middelen.

Renter for ”Obligasjonen” skal som hovudregel gå til lagsdrifta.  Andre inntekter skal leggjast til den likvide fondsmiddelen.

6.2 Løyvingar av likvid fondsmiddel.
Løyvingar av fondsmiddel til investeringar / vedlikehald på Eidsholmen eller til andre særlege tiltak som ikkje kjem inn under den vanlege lagsdrifta,  kan  Fonds- og eigedomsstyret gjera i samråd med Rådet. Dersom desse ikkje vert samde, eller løyvingar totalt pr. år utgjer meir enn 5% av den likvide fondsmiddelen, skal saka avgjerast av årsmøtet med 2/3 fleirtal. Alle løyvingar skal skje etter søknad.

§7 Årsmelding og rekneskap

Fonds- og eigedomsstyret skriv årsmelding for fondet. Årsmelding og fondsrekneskap vert sendt saman med årsmelding og rekneskap for resten av laget til Rådet for tilråding og årsmøtet for godkjenning.

§8 Endring av føresegnene

Årsmøte i Bergen ungdomslag Ervingen kan endra føresegnene med 2/3 fleirtal etter at Fonds- og eigedomsstyret og Rådet har gjeve tilråding eller uttale.

Saman med føresegnene for Reservefondet gjeld lov og styringsføresegner for Bergen ungdomslag Ervingen, som har reglar om fristar og saksgang for endring av føresegnene.

Syn dokumentet: Vedtekter for Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele

VEDTEKTER FOR AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE

1. Bakgrunnen for oppretting av minneprisen har vore eit ønske om å oppmuntra
unge utøvarar på hardingfele, og slik minnast ho Audhild. Audhild var aktiv
utøvar på hardingfele og ho dansa folkedans. Som lita jente vart ho med i
barneleikarring, og i ung alder byrja ho å spele hardingfele. Audhild hadde
mange vener i folkemusikkmiljøet, og slik sett vil ein minnepris utdelt til
andre unge kjennast rett. Audhild omkom i ei trafikkulykke 19. mars 2004, og
ho vart berre 17 år gammal. Starten på fondet er knytt opp mot ”Ein sjeldan
blome”, minnekonserten i Gimle, Bergen, 10. mars 2006.

2. Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele
mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal
delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som
tilsvarer C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit
personleg stipend.

3. Minneprisen sin konto er eit bruksfond der både kapital og renter kan nyttast
til minneprisen sitt formål, dette gjeld også kapital og renter som seinare måtte
bli tilført minneprisen. Midlane står på konto i Fana Sparebank, konto
3411.27.37245, tilhøyrande Hordaland folkemusikklag. Dei skal nyttast til
minneprisen og kostnader knytt til denne.

4. Styret skal stå for utveljing av kandidat og tildeling av minneprisen. Styret
skal bestemma størrelse på tildelinga. Dei skal vidare velja arena for utdeling
av minneprisen, t.d. Vestlandskappleiken. Minneprisen bør delast ut årleg.

5. Styret for minneprisen: Styret har 3 medlemmer som har lik røysterett.
Hordaland Folkemusikklag vel 1 representant.
Bergen Ungdomslag Ervingen vel 1 representant.
Familien vel 1 representant.
Medlemmene har personlege varamedlemmer. I opprettingsfasen fungerer ei
arbeidsgruppe på 4 personar. Etter 2 år vert styret valt etter vedtektene. Skulle
Hordaland Folkemusikklag for kortare eller lengre periodar vera ute av drift,
skal Bergen Ungdomslag Ervingen ha ansvaret for folkemusikklaget sine
funksjonar.

6. Minneprisen har eige rekneskap. Styret har råderett over midlane og ansvar for
at det vert ført rekneskap og oppnevnt revisor. I opprettingsfasen har
Hordaland Folkemusikklag rekneskap og revisjon. Styret tek stilling til når
kapitalen er for liten til at det kan utdelast ein minnepris. Styret avgjer då
korleis minneprisen skal avviklast og korleis restmidlane skal nyttast.

7. Endring av vedtektene kan gjerast etter samrøystes vedtak i styret.

Syn dokumentet: Lov for Bygdelagsnemndi i Bergen

LOV FOR BYGDELAGSNEMNDI I BERGEN
Opprinneleg vedteke 2.9.1939. Sist endra 5.12.2000

§1
Bygdelagsnemndi er ein samskipnad av frilynde lag i Bergen. Nemndi hev til fyremål å vera ein bindelekk millom einskildlagi, arbeida for samhald, gjeva rettleiding i lagsarbeid, vera talerøyr til samfundet i saker med sams interesse for einskildlagi, styrkja samkjensla mellom bygd og by, styrkja og fremja det som kan tena framvokster av folkekultur og norskdom i folket.

§2
Alle frilynde lag som godtek denne lovi, kan verta med i Bygdelagsnemndi. Utmelding må sendast skriftleg til styret innan oktober månad, elles må det svarast årspengar ogso for neste år.

§3
Bygdelagsnemndi skal ha eit råd, samansett av inntil 3 utsendingar frå kvart einskildlag. Minst 1 av utsendingane skal vera medlem av styret i laget. Ved avrøystingar skal kvart lag ha røystevekt i høve til medlemstalet. Lag med 50 lagsfolk eller minder hev 1 røyst, lag med 51-100 skal ha 2 røyster og lag med yver  100, 3 røyster.

§4
Årsmøtet i rådet vel eit styre på 3 medlemer med 2 varamedlemer; formann, skrivar og kassastyrar. Formannen vert vald ved serval 1 år, dei andre 2 for 2 år, slik at 1 gjeng ut kvart år. Varamedlemer vert valde for 1 år. Ettersynsmann i det medlemslaget som formann kjem frå, skal vera ettersynsmann for Bygdelagsnemndi.
Medlemene i styret bør vera medlemer av lagsstyri.
Styret skal kalla inn og gjennomføra rådsmøti, krevja inn medlemspengar og halda yversyn yver økonomien.
Styret er vedtaksført når 3 styre-/varamedlemer er til stadet.

§5
Rådet hev møte minst 2 gonger um året og elles når styret eller minst 3 medlemslag krev det. Rådsmøte skal kallast inn skriftleg minst 2 vikor på fyrehand. Formannen styrer møti. Styret hev røysterett på rådsmøti med 3 røyster. Kvart årt, seinast i mai månad, legg styret fram årsmelding og ettersett rekneskap. Årsmelding og rekneskap bør sendast til einskildlagi saman med innkalling til årsmøte. På årsmøtet skal det veljast styre, godkjennast årsmelding og rekneskap, fastsetjast årspengar og veljast fellesutsendingar til andre komitear og utval, 17. mai-komiteen i Bergen og Kyrkjenemndi.

§6
Bygdelagsnemndi skal vera eit felles kontaktorgan for medlemslagi. Nemndi skal arbeida for å fremja eit godt samarbeid millom einskildlagi, m.a. ved at lagi upplyser um planlagde aktivitetar og samordnar tiltak der det høver. Vedtekne tiltak skal planleggjast og utførast av arbeidsgruppor med deltakarar frå dei lagi som er med.
Bygdelagsnemndi er andsvarleg tilskapar av fellestiltak.
Bygdelagsnemndi bør vera kontaktledd i høve til offentlege organ og andre organisasjonar.
Styret skal halda politiske sermeiningar burte frå arbeidet i Bygdelagsnemndi.

§7
Årspengar i høve til medlemstalet i einskildlagi vertfastsett p åsame måte som røystevekti, fr.§3. Grunnsum vert fastsett på årsmøtet for eit år framyver. Årspengar skal sendast Bygdelagsnemndi innan februar månad.
Medlemslagi skal innan utgangen av mars månad senda attende til styret tilsendt meldingsskjema.

§8
Vert det vedteke å leggja ned Bygdelagsnemndi, eller minkar talet på einskildlag som er med til under 3, skal arkiv og pengar takast vare på av Universitetet i Bergen. Vil minst 3 einskildlag innan 10 år taka uppatt arbeidet med Bygdelagsnemndi, skal arkivet og pengane gjevast attende til Bygdelagsnemndi. Um so ikkje er tilfell, vert arkivet Universitet si eiga, og pengane skal nyttast til gransking av folkeminne i Hordaland og Sogn og Fjordane.

§9
Lovene kan brigdast på eit årsmøte når minst 2/3 av utsendingane, rekna etter røystevekt, er til stades, og minst 2/3 av desse, rekna etter røystevekt, røystar for det. Framlegg til lovbrigde skal vera sendt einskildlagi minst 2 månader på fyrehand.

Styringslinjer for lagsdrifta (Du må vere innlogga for å lese!)

Skjema

Billagsskjema

Last ned (pdf)
Last ned (doc)

Kontraktmal

Last ned (pdf)
Last ned (doc)

Innmeldingsskjema, born

Last ned (pdf)
Last ned (doc)

Innmeldingsskjema, vaksne

Last ned (pdf)
Last ned (doc)

Løns- og utgiftsskjema

Last ned (pdf)
Last ned (doc)

Oppgjersskjema

Last ned (pdf)
Last ned (doc)

Rapportskjema

Last ned (pdf)
Last ned (doc)

Samtykkeskjema
for bilete og film

Last ned (pdf)
Last ned (doc)

Laga av Lauen Dans&Design