Folkedans for seniorar

Tysdagar annakvar veke kl. 19.00-21.30 i 2. høgd i Gimle, Kong Oscars gate 18. Oppstart: når smittevernreglane tillet det. 

Under kyndig og god instruksjon er dette danseøvinga for dei eldste i laget. På Folkedans for seniorar møtest ein triveleg, danseglad gjeng, kor dei fleste er pensjonistar.

Danserepertoaret er vidt, med både runddans, turdans og songdans, men det som kanskje kjenneteiknar Folkedans for seniorar best er det framifrå gode miljøet. Det er triveleg å møtast i pausen rundt bordet med kaffi og noko godt å bita i. Sjølvsagt er det også levande musikk på øvinga.

Folkedans for seniorar tek i mot både røynde dansarar og nybyrjarar .

Dansarar

Det er godt samhald og sosiale tilhøve på folkedans for seniorar.

Laga av Lauen Dans&Design