Årsmøte

Årsmøtet er det høgste organet i laget. Det blir halde årsmøte kvart år, vanlegvis i løpet av februar. På desse sidene legg me ut sakspapir og protokollar.

§3 Årsmøte

Årsmøtet er høgste styringsmakta i laget. Det skal haldast årsmøte i laget kvart år, til vanleg innan 1. mars. Styret kallar inn til årsmøte og kunngjer saklista seinast 14 dagar før møtet. Saker til årsmøtet skal vera sendt til styret innan 1. desember.

Årsmøtet skal vedta lagslov, godkjenna styringsføresegner, fastsetja lagspengane, ta stode til årsmelding, ettersett rekneskap, budsjett, arbeidsplan og andre saker som styret legg fram.

Årsmøtet skal velja styre, råd og gjera andre val i samsvar med styringsføresegnene.

Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, styret eller rådet i laget eller 1/3 av medlemene krev det. Styret kallar inn til omframt årsmøte seinast 7 dagar føreåt ved rundskriv til medlemene.

Årsmøte i Bergen ungdomslag Ervingen vert skipa til onsdag 17. februar 2021, kl. 18.00 i Gimle ev nettbassert plattform:

  • Sak 1   Velkomen/opning
  • Sak 2   Konstituering
  • Sak 3  Årsmelding 2020 med rapport for arbeidsprogramet 2019-2020
  • Sak 4   Rekneskap for 2020; lagsrekneskap m/ notar, balanse og fond-                og eigedomsstyret m/ notar
  • Sak 5  Budsjett 2021
  • Sak 6   Medlemspengar 2022
  • Sak 7  Fråsegner
  • Sak 8  Val

 

Årsmøteprotokollar

2020

2019

2018

2017

2016 / Omframt årsmøte
2015
 / omframt årsmøte

2014
2013
2012
2011
2010
2009
2008
2007
2006
2005
(skipingsmøtet)

Laga av Lauen Dans&Design