Måndagsringen

Kvar måndag klokka 20.00-22.00, 2. høgda i Fensal, Kong Oscars gate 15.

Måndagsringen er ein sosial møteplass der dansen er i fokus. Her møtest yngre og eldre, gammal og ny tradisjon, stordansarar og nybyrjarar, og dette er den tradisjonelle leikarringen i laget. Måndagsringen er open for alle, både røynde og nybyrjarar. Det er lagt opp til stor grad av danseleiing, slik at det er lett å få innføring i dansane. Fleire ulike instruktørar syter for variasjon, men òg eit attkjenneleg program og moglegheit for utvikling. Det er levande musikk på alle øvingane. Oftast er det ei eller to hardingfeler som står for musikken, men av og til får me besøk av spelemannslag og toradargrupper.

Plan for våren 2019: (Meir info kjem. Endringar kan komma etterkvart)

Dato Merknad Instruktør Kontaktinfo Spelemann Kontaktinfo
07.01   Rigmor   Irene  
14.01   Gunn Inger      
21.01       Eva Marie  
28.01   Berit      
04.02   Rigmor   Eva Marie  
11.02          
18.02          
25.02 VINTERFERIE
04.03       Eva Marie  
11.03   Berit      
18.03   Rigmor      
25.03   Gunn Inger      
01.04          
08.04   Berit      
15.04 PÅSKEFERIE
22.04
29.04   Rigmor      
06.05 Rebusløp        
13.05 Øving til 17. mai        

 

Måndagsringen. Foto: Kjersti J. Nybø

Laga av Lauen Dans&Design