Arkiv | Folkemusikk

RSS-straum for denne seksjonen
Martha

Helg med ungdom og dans

Helga 17.-19. mars skipa Bergen ul Ervingen til dansesamling for born og ungdom, på Lindås Ungdomsskule. Det var heile 21 deltakarar. Danseinstruktørane for helga var Silja Solvang og Maria Skjeldrum Toppe, medan Kristoffer Kleiveland var spelemann. Det var deltakarar frå ungdomslaga Nordbygda ul, Voss ul, Lindås ul og Bul Ervingen, det var også nokre ungdommar frå asylmottaket på […]

Confetti 2

Familiesundag 19. februar

Halling, kveding, hardingfele, folkedans, pølser, skattekiste, familiefolkedans! Sundag 19. februar vert det Familiesundag i Gimle. Då er alle invitert til å vera med på ulke småkurs, danseforestilling og familiefolkedanskveld. Kvart kortkurs kostar kr. 50,- Det vert servering av pølser og frukt kl. 15.30. Deretter vert me tatt med på danseframsyninga “Danse i en ring”, som […]

Maria og Eva Marie Skjeldrum Toppe. Foto: Kjersti J. Nybø

Dans- og spelmaraton 2017

Maraton er eit løp som går over 42 195 m. Ordet «maraton» blir ofte brukt for å skildra noko som krev stort uthald. 28. januar inviterer me spreke dansarar og spelemenn/-kvinner til å delta på årets kjekkaste uthaldsløp, nemleg dans- og spelmaraton i Gimle. Dans I ein kveld fullstappa med mykje god dansemusikk vert det høve til […]

Barn dansar folkedans

Samdans- og musikksamling for barneinstruktørar, 28. januar

Bergen ungdomslag Ervingen, saman med Hordaland Ungdomslag skipar til fylkesstemna for born helga 9.-11. juni 2017. Me vil med dette invitera alle lag i Hordaland til ei fin helg i Bergen. Fylkesstemnet er for dei som dansar, driv med teater, spelar eit instrument, eller held på med anna aktivitet. På stemna vert det ulike aktivitetar, […]

nisse-med-fele

Julelagsmøte 12. desember

Måndag 12. desember vert det julegraut, åresal, trekking av medlemslotteriet, underhaldning og julesongar i Gimle. Det tradisjonelle julelagsmøtet til Bergen ungdomslag Ervingen vert halde denne dagen, og det heile startar kl. 18.00. Kven får mandelen iår? Er grauten like god som alltid? Vert det quiz? Kven vinn hovudvinsten i medlemslotteriet? Kven har seld flest loddbøker? […]

Audhilds på hyttetur. Foto: Sanna Lutosja

Kurs i hausttid

Etter at Audhilds hadde hatt eit kurs med John Ole Morken i fjor, var me alle samde i at me burde få han tilbake til Bergen. Denne gongen tok me han med til hytta på Eidsholmen. Totalt var me fjorten som var med på kurs. På fredagen, 11. november, vart me serverte fredagstaco (sjølvsagt). Det […]

Bergen Juniorspelmannslag. Foto: Knut Utler

Meisterkonsert, Oslokappleik og folkemusikktime

Mange spente unge hardingfelespelarar frå Bergen juniorspelemannslag drog over fjellet til Oslo helga 18. – 20. november. Dei fleste hadde base på Haraldsheimen, og nytta føremiddagen laurdag til ulike opplevingar i storbyen. Første musikalske stopp var Oslokappleiken med deltaking i lagspel junior. Det vart overlegen seier i lagspel med 68 poeng føre Vågå juniorspelemannlag med […]

Laga av Lauen Dans&Design