Eidsholmen – leige hytta

Draumereise, berre ein halv time frå by’n!

Utsikt mot sjøen frå hytta

Utsikt mot sjøen frå hytta

  • Drøymer du om å reise bort  frå kvardagen og leve i idylliske omgjevnader, på ein liten holme, like i nærleiken av ein eventyrskog?
  • Har du ein travel kvardag, og treng avkopling nær fine turområde?
  • Eller treng du ein stad der du kan ha avsluttingar eller gjenforeningar, bryllaup, konfirmasjon, blåtur eller lagstur?

… då har me reisemålet for deg!

Utferdsstaden til Bergen ungdomslag Ervingen ligg på Grimseid i Fana, på ein liten holme som heiter Eidsholmen (Grimseidvegen 375). Det er berre ein tretti minuttars køyretur  frå Bergen sentrum.

Her er 29 sengeplassar, fordelt på 9 rom. Hytta har ei storstove og ei peisestove. Kjøkenet er utstyrt med både oppvaskmaskin, kaffitraktar, kjøleskåp, komfyr, kjørel og anna utstyr til matlaging. I kjellaren er det to bad. Det eine har to dusjar og to toalett, medan det andre har eitt av kvar.

Når ein går ut av stova, på baksida av hytta, ut på den vesle terrassen, og ser utover fjorden, kan ein verkeleg kjenne at her er ei ro og ein idyll ein skal leite lenge etter. Så skjerma for larm og støy frå byen, men likevel så nær. Og går ein gjennom hagen, der dei store grillane og flaggstanga står, og kjem ned i vika der ein kan bade, leike i fjæra og leite etter krabbe, så kjenner ein at dette skulle alle opplevd ein gong i livet.

Høyrest dette freistande ut? Reserver ein tur i kalenderen litt lenger nede!

Hytta på Eidsholmen sett frå baksida.

Hytta på Eidsholmen sett frå baksida.

Prisar for leige av hytta

Utanom sesong Sesong Medlemspris
ein vekedag Kr. 3000,- Kr. 3500,- Kr. 2300,-
fredag-laurdag Kr. 4500,- Kr. 5300,- Kr. 3300,-
laurdag-sundag Kr. 5300,- Kr. 6300,- Kr. 3800,-
fredag-sundag Kr. 8500,- Kr. 10000,- Kr. 6300,-
torsdag-sundag Kr. 10300,- Kr. 12300,- Kr. 7800,-

Sesongpris gjeld månadane mai, juni og august.
Medlemspris gjeld for medlemmar av Bergen ungdomslag Ervingen.

Vaskedepositum er kr. 2000,- som de får tilbakebetalt når eigaren har sjekka at hytta er vaska og rydda tilfredsstillande.

Me kan ordne med utvask, dersom de ikkje ynskjer å vaske sjølv. Dette kostar kr. 2000,-

Send epost til kontoret@bergen.ungdomslag.no om du har spørsmål eller andre førespurnadar.

Fargekodar: Ledig Oppteke Førebels reservet

Laga av Lauen Dans&Design