Bergen har lange og gode tradisjonar for folkemusikk, og i Bergen ungdomslag Ervingen har me som mål å ta vare på desse på ein god måte. Dette gjer me mellom anna ved å ha eit eige spelmannslag. Spelmannslaget er delt i to grupper; Bergen Juniorspelmannslag, som er for dei under 18 år, og Audhilds som er for dei over 18 år. Spelmannslaget er, i tillegg til Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, innmeld i Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg.
-
Hendingar
- Torsdag 17/5: 17.-mai feiring, prosesjon, kafe og Bygdelagstimen
- Fredag 18/5: Blømingsfestivalen
- Onsdag 23/5: Audhilds
- Onsdag 30/5: Audhilds
- Laurdag 2/6: Hyttetur onsdagsringen
- Måndag 4/6: Siste øving Barnelaget
- Måndag 4/6: Juniorspelmannslaget
- Måndag 4/6: Siste øving koret
- Onsdag 6/6: Audhilds
- Fredag 8/6: Syng for oss konkurranse










