Folkedans

Bergen ungdomslag Ervingen er den største aktøren i Bergensområdet som driv med norsk folkedans. Me har mange tilbod til ungdom og vaksne i alle aldre. Me likar sjølv å seie at med er best i landet på folkedans!

Norsk folkedans er eit vidt begrep. Alt frå den tradisjonelle leikarringen til meir fridans preg. Me driv med alle sjangrar av norsk folkedans; turdans, bygdedans, songdans og runddans. Både lokale dansar frå området i og rundt Bergen, men og dans frå alle andre kantar av landet. Me er opptatt av å ha ein brei profil kor mange ulike sider av folkedansen blir brukt om kvarandre.

Hjå oss vil du oppleva norsk folkedans i eit levande miljø sett i dagens lys!

Fagområder og kompetanse

Bergen har alltid vore kjend for sitt aktive folkedansmiljø. Opp gjennom tida har mang ein stordansar og dyktig instruktør gått gradene i ungdomlaget her. Det gjer at me i dag faktisk har mange av landets dyktigaste instruktørar innan norsk folkedans hjå oss.

Danseopplæring og instruktøropplæring spesielt er eit viktig arbeidsfelt hjå oss. Me satsar på kvalitet i all instruksjon, og meiner sjølv at det synast igjen på det dansenivået me har i laget. Derfor ønskjer også laget å knytta til seg aktive dansarar som vil komma til Bergen. Desse har alltid vore ein viktig impuls for danseutviklinga i laget.

Framsyning og danseopplæring

Laget stiller dansarar og spelemenn til framsyningsoppdrag og danseopplæring.

Laget driv folkedansopplæring retta mot skular, SFO og barnehage.

Ta kontakt med lagskontoret om dette er av interessa.

Bergen ungdomslag Ervingen skipar til kurs og samlingar innimellom. Fast i semesteret pleier vera nybyrjarkurs, instruktørsamling og eit dansekurs.
I løpet av året skiper me til ulike dansekveldar. Dei kan vera av ulikt innhald, men hovudmålet er gode danseopplevingar og triveleg miljø.
Følg med i kalendaren og nyhender på sida for å sjå kva som skjer.

Syns du dette verkar kjekt og spennande? Kom innom ei øving, meld deg på eit kurs eller stikk innom ein dansekveld. Så håpar me du vil bli medlem hjå oss!

http://www.youtube.com/watch?v=AvuRuoxQ7vo&feature=related

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/368156