Historia om hyttene til Ervingen

Skrive av Dag Hermansen

Bilete av Norvald Erstad

Norvald Erstad

Hytta til Ervingen har alltid vore, tykkjer mange Ervingar. Det kan dei godt meine, for laget har hatt hytte i lang lang tid. Det kan godt vera at dei eldste medlemane tenkjer på ei anna hytte enn dei yngre. Ervingen har hatt to hytter i si eige, og dei har og vore på leigemarknaden i tidlegare tider. Det er sikkert mange no til dags som ikkje kjenner hyttesoga, og då må ein gå til dei som er godt vaksne og har livslang fartstid i Ervingen: heiderslagsmedlem Norvald Erstad har delt nokre av sine minner og historiar, og her er ei laus soge om hyttene.

Ein kan trygt seie at dei gamle Ervingane var driftige folk, som skipa laget ved hundreårsskiftet og etter kvart kjøpte Gimle femten år seinare. Det var store løft både for økonomi og organisasjon. Laget var ”tverrfagleg” samansett, og det var handlekraftige folk frå handverksfag, forretningar og bankvesen.

Kart over Mathopen 1946

Kart over Mathopen 1946. Hytta markert med raudt.

Hytteinteressa har vore frå tidleg av, dels av di sommaren vart eit avbrekk frå det ihuga lagslivet etter stiftinga, dels som ein del av tidsånda med lagshytter og private hytter på Byfjella og lenger vekk. Ervingane hadde utferder med mykje hugnad og moro. Hugen til hyttelivet vart para med skogreisingstanken, med uttala ideal som å ”planta og grava og una godt i ei gild stova”. Hyttetanken vart fremma omatt og omatt, men det var likevel ikkje før i mellomkrigstida at det vart konkrete planar.

I slutten av 20-åra leigde laget ei hytte i Mathopen, nett der Haakonsvern ligg no. Mathopen var på den tida riktig på landet, det var grusvegar og dårleg med offentleg transport, men triveleg kulturlandskap og fine strandtilhøve utan inngrep. Staden låg på fastlandssida innanfor Store Bogøy og hette Skjelvika. Den var var meir enn 20 mål stor og meir som eit hyttetun å rekna; det var hovudhytta, jentehytta, stova, ”Kløvehytta” og naust med færing, i alt fem einingar. Den største hytta hadde stor stove, to soverom, kjøken og altan på tre sider, sjå biletet. Denne plassen fall tydeleg i smak, for etter om lag fem års leige og nokre år i anna ærend kjøpte Ervingen heile hyttetunet i 1938. Hytta er endå merka ”Ervingen” på kartet frå 1946.

Hytta i Skjelvik i Mathopen

Hytta i Skjelvik i Mathopen

Laget hadde no eiga hytte, og det vart sjølvsagt eit aktivt liv i Mathopen. I åra før krigen var rutebil sjeldsynt og bil ein sensasjon, så det vart sykkelturar kvar helg for dei mest ihuga hyttegjestane.

Flyfoto av Mathopen 1944. Hytta i raudt og slagskipet Bismarck i blått.

Flyfoto av Mathopen 1944. Hytta i raudt og slagskipet Bismarck i blått.

Men midt i idyllen kom krigen til Noreg, og både laget i Bergen og hyttelivet vart prega av okkupasjonen. Hytta vart som eit lite stykke Noreg. Den lå godt skjerma, og det var ei lette å koma bort frå uhygga som rådde i Bergen. Aldri var der så mange som i de første krigsåra, dels av di hytta låg innanfor lokalsona for lovleg ferdsle. Etterkvart vart lagsdrifta kuppa av nazistane, som so mange andre organisasjonar, og NS tok over hytta de siste 3 krigsåra. Eit seinare frigjeve britisk flybilete frå 21 mai 1941 syner slagskipet Bismarck liggjande like utanfor hytta i Grimstadfjorden! Hytta er merka med  raudt og Bismarck i blått.

Etterkrigstida vart kronåra for hytta i Mathopen, det var besøk mest kvar helg, og heile tunet var i bruk. Sesongen varte frå mai til september, og kvar einaste helg var det mellom 20 og 30 gjestar. Det var fellesmåltid og krokketbane og mykje liv. Det låg ein butikk på høgda ovanfor halvøya, om lag der vakten til marinebasen ligg i dag. Det kom godt med, så slapp ein den tunge børa på sykkelen. Vegen gjekk mest fram til hytta, som kartet fra 1946 syner, berre ein liten bergrygg sto att å gå før ein var framme. Ervingane var sjølve med og støtta og vøla delar av vegen.

Kart over Mathopen 2015

Kart over Mathopen 2015

Det er vel typisk for lagshytter at interessa går i bølgjer, og ti år er kan hende eit typisk tidsrom då slitasjen merkast. Iallfall dabba hyttelivet av utover 50-talet, og samstundes var det store planar på gang med heile Mathopen. Den nye Haakonsvern marinebasen vart vedteke i 1953, og det vart eit styr for å kjøpa opp og jamvel oreigna hytter og eigedomar. Ervingen avtala sal av hytta og fekk ein god pris for eigedomen eit par år seinare.

Haakonsvern vart ikke heilt ferdig før 1963, og området er svært endra. Fjellhallar og bunkarar er bygde, og heile sundet innanfor Store Bogøy er fylt att. Hytta låg om lag der inngangen til torpedohallen er i dag, merkt med ein raud ring på kartet frå notid.

Bilete av Øystein og Håkon Erstad

Øystein og Håkon Erstad

Ei hyttehistorie var over, men med pengar på bok og framleis driftige folk i laget tok det ikkje lang tid før Ervingen såg seg om etter andre beitemarkar. Tilfellet vart at ei stor tomt på 12 mål var til sals i Vågsbøpollen nær Grimseid, og då veit alle at vi snakkar om den nye (og noverande) hytta til Ervingen. Vestre Eidsholmen ligg i ein innlandspoll, sjå raud ring på kartet, og er nokså ulik Mathopen. Holmen var skilt frå fastlandet av eit smalt sund om lag der bommen står no. Alle drøymer om eiga øy, og Ervingen fekk draumen oppfylt for 37500 kroner i 1957. Det var byggerestriksjonar i Fana, og det fylgde med eit krav om almenn friluftstilgang for å få byggjeløyve, utan at den har vore nytta i nokon grad seinare. Løyve vart gjeve, Ervingane var oppglødde, for her var kimen til eit nytt aktivt hyttekapittel. Biletet visar ei synfaring til Eidsholmen same året. Vi ser brørne Øystein og Håkon Erstad på vollen, samt karar med både knickers og press i buksa. Undrast på om Øystein dreg i gong ein slått på den vesle trekkspeldåsen sin; det vart i så fall ikkje den siste på denne plassen. Biletet er teke av Helge Skage.

Laget var no klar til å byggja ei hytte som høvde til formålet. Dei sto sjølve for utforminga saman med arkitekt, og det vart sett av eit fond til uforutsette utgifter og eventuelt nytt tak. Den store dansesalen er eit særmerke, i tillegg til uvanleg mange rom, kjøken og peisestove. Peisestova vart etter kvart møblert dels med utskorne møblar laga av Magnus Dagestad. Desse sto mellom anna i Kaffistova til Ervingen.

Vegen inn mot Vågsbøpollen er smal og svingete sjølv i dag, og det gjekk neppe rutebil fram til hytta (det gjer det heller ikkje i dag..).  Tilgangen er både fra Grimseid og Hjellestad-sida. Pollane er nokså vrange å manøvrera med båt, sjølv om dette har betra seg i dei seinare åra, etter at ein kanal vart sprengd ut mot Vestrepollen. Sjøen nedanfor hytta har med det vorte friskare, og grønske har gjeve veg for tang og tare

Kart over Eidsholmen 2015

Kart over Eidsholmen 2015

Ikkje uventa vart åra som følgde ei ny glanstid for hyttelivet, og utover i 60-åra vart Eidsholmen nytta til utflukter av mange Ervingar. Somme var på dagstur, andre nytta helgene til overnatting. Det vart laga ei vaktordning med ’husmor’ og ’husfar’ som fungerte som hyttevertar. Dei la til rette, var med og handla inn varer og lagde enklare mat, men det var nok aldri tale om halvpensjon som eit gjestgiveri. Ein god nabo som var maskinist og hadde tid innimellom vaktene, heldt auga med hytta og var ein slags ’vaktmeister’ med. Dugnadsarbeid var både samlande og viktig for hytta, og det er vel på sin plass å nemne Kristoffer Kvamme og Norvald Erstad for mykje bra arbeid nedlagt for begge hyttene til Ervingen.

Etterkvart dabba hytteaktivitetane noko av, og hytta vart leigd ut i kortare og lengre tid. Det sleit på hytta og tillitsvalde. Dugnadane vart ofte ein jobb for hyttestyret aleine. Strukturendringar i samfunnet hadde kanskje noko av skulda. Laurdagsfri gav rom for lengre helgeturar til heimbygda, og mange hadde råd til eiga hytte etter kvart. Ein av dei faste hendingane i året var jonsok med bålbrenning, grilling og dans. Det årlege rebusløpet enda på Eidsholmen med mat, spel og dans, inntil det vart skifta til sentrumsgatene. Særlaga hadde ofte samlingar på hytta, i blant med overnatting. Ein flokk ihuga Ervingar skipa til nyttårslag med overnatting et år, og det merktes at hytta ikkje var spesielt vinterisolert.

I nyare tid har det jamvel vore diskutert om laget skulle avhenda Eidsholmen avdi ho hadde utspelt si rolle. Det vart likevel til at laget heldt på hytta og endå til skifta tak og vølte både utvendig og innvendig. Med nytt kjøken står ho no finare enn på lang tid. Eidsholmen er veldig populær som utleigeobjekt om våren og sommaren, så hyttedrifta går i pluss økonomisk sett.

Det står att å sjå om hyttelivet kan få ein ny oppsving, og koss utleigeaktivitetane går i hop med almen bruk. Mange er kan hende ikkje klar over kor fint det er her ute, og det er ein fin søndagsutflukt til dømes.

Då står det berre att å takka Norvald og Øystein Erstad for ei lærerik soge om hyttelivet til Ervingen, med marsipankake og kaffi åttåt! Dei som ynskjer å dykka djupare inn i soga kan lesa 50- og 100-årsskriftene til Ervingen.

Bilete av hytta på Eidsholmen

Hytta på Eidsholmen

Laga av Lauen Dans&Design