Erlend Apneseth

Minneprisen vart delt ut under festkvelden som markerte avsluttinga på Vestlandskappleiken 2008. Utdelinga skjedde på Ole Bull Akademiet på Voss.

Styret seier om prisvinnaren

Årets pris går til ein særs aktiv og talentfull utøvar på hardingfele. Utøvaren, som er fødd i 1990, starta å spele som 10 åring. Dei siste par åra har han gjort det svært godt på t.d kappleikar. Han har vunne både landskappleiken, vestlandskappleiken og fylkeskappleiken i si klasse.

Erlend har Sigmund Eikås som sin læremeister. I tillegg viser han vilje til å oppsøke andre lærarar og inspiratorar og styret har lagt vekt på hans eigeninnsats for å tileigne seg tradisjonsstoff frå fleire områder. I tillegg til tradisjonell folkemusikk, spelar han i bandet Raid på Sandane, der han brukar hardingfela i nye sjangrar og samanhengar. Vinnaren går musikklinja på Firda vidaregåande skule og er medlem i Indre Sunnfjord Spelmannslag.

Takk til

Styret for minneprisen takkar Voss Spelmannslag og Hordaland folkemusikklag for samarbeidet, og at vi fekk nytte Vestlandskappleiken som arena for utdelinga. Styret vil òg takke Inga-Hilde Breivik for utforming av diplomen.

Erlend Apneseth

Erlend Apneseth

Alexander Aga Røynstrand

Alexander utmerkar seg med eit særleg musikalsk, levande og modent spel med god tradisjonsforankring, og han har eit godt dansespel.

Alexander har spelt fele sidan han var 8 år. Han har vore med på ei rad kappleikar både lokalt og nasjonalt og har dei seinare åra fått mange topplasseringar. Han har spelt på Festspillene sin jubileumskonsert og delteke fleire gonger i ungdommens kulturmønstring.

Alexander er stolt over hardingfelespelet, og det viser igjen i måten han framfører på. Han er alltid positiv til å stille opp når han blir spurt, og han har spelt i namnedagar, bryllaup, minnestunder, gravferder, møte, festlege lag, konsertar, på skular, eller til dans.

Alexander Aga Røynstrand går no 2.året på musikklinja ved Voss Gymnas.

Minneprisen vart delt ut under konserten ”Fargar i november” laurdag 3. November.

Alexander Aga Røynstrand

Alexander Aga Røynstrand