Nikolai Storevik

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele blir i 2012 tildelt Nikolai Storevik frå Stryn i Nordfjord.

Styret om prisvinnaren

Nikolai Storevik har synt ei særskild god utvikling siste åra. Prisvinnaren merkar seg ut med ein uvanlig sterk musikalitet og ei kreativ evne til å skape sjølv. Nikolai har fått opplæring frå fleire sterke tradisjonsutøvarar i sitt område (m.a. Arne M. Sølvberg). Han har delteke på kappleikar med gode resultat, i fleire klasser. Det er ein ung utøvar som ynskjer å satse på folkemusikken og som drøymer om å gjere den til leveveg. Nikolai går på musikklinje på vidaregåande skule med hardingfele som hovudinstrument. Årets prisvinnar har allereie motteke fleire stipend og prisar, deriblant Drøymestipendet og Emil Bolstads legat. Han representerer ein region som har ein sterk identitet i begge feletypar, både hardingfele og vanlig fele.

Det var fleire gode kandidatar til årets minnepris. Kandidatar frå heile vestlandsregionen. Gode unge utøvarar på hardingfele. Alle verdige vinnarar kvar i seg. Når styret har valt ut årets vinnar la vi vekt på særs gode skussmål og ikkje minst ein ung fremmadstormande utøvar med sterk eigainteresse for folkemusikk og felespel.

Minneprisen er på kr 10 000 og vart delt ut under vestlandskappleiken på Lonevåg på Osterøy, 6. oktober 2012.

Takk til

Styret for minneprisen takkar Osterøy spel- og dansarlag og Hordaland folkemusikklag for samarbeidet, og at vi fekk nytte Vestlandskappleiken som arena for utdelinga. Styret vil òg takke Inga-Hilde Breivik for utforming av diplomen. Og vi takkar alle som gir økonomiske bidrag til prisen.

Nikolai Storevik

Nikolai Storevik

Laga av Lauen Dans&Design