Maria Skjeldrum Toppe

Minneprisen vart delt ut laurdagskvelden på Vestlandskappleiken 2009. Utdelinga skjedde på Jostedal samfunnshus.

Styret seier om prisvinnaren

Årets pris går til ein aktiv og moden utøvar på hardingfele.

Maria er fødd i 1992 og bur i Åsane i Bergen og er for tida elev på Langhaugen videregående skole i Bergen. Ho er ein del av det unge, aktive danse- og musikkmiljøet vi har sett i Bergen dei siste åra.

Maria er i ein fase der ho utviklar seg mykje som musikar. Alt no har ho vorte ein felespelar med kraft og personlegdom i spelet sitt og ho har eit rytmisk og sikkert spel til dans. Samstundes kan ho nytte eit stort musikalsk repertoar til konsertframføringar og solospel.

Ho har hatt Benedicte Maurset, Elna Føleide Selle og Eva Marie Toppe som viktige lærarar i spel. Maria reiser også mykje rundt på kurs, kappleikar og stemne for å læra meir spel og utvida slåttekunna si.

Takk til

Styret for minneprisen takkar Jostedalen spel- og dansarlag og Sogn og fjordane folkemusikklag for samarbeidet, og at vi fekk nytte Vestlandskappleiken som arena for utdelinga. Styret vil òg takke Inga-Hilde Breivik for utforming av diplomen. Og vi takkar alle som gir økonomiske bidrag til prisen.

Maria Skjeldrum Toppe

Maria Skjeldrum Toppe

Laga av Lauen Dans&Design