Mathilde Skjæret

Minneprisen gjekk i 2011 til ein ung utøvar frå Jostedal i Sogn. Prisen vart delt ut under vestlandskappleiken på Sande i Sunnfjord. Overrekkinga fann stad på Sande Kro & Hotell laurdag 8. oktober.

Styret om prisvinnaren

Mathilde er ein ung, energisk og talentfull utøvar som er fødd i 1996. Ho begynte å spele hardingfele allereie som 7-åring. Ho har vore nyfiken på slåttemusikken og svært ivrig etter å lære. Mathilde har ei veldig god musikkforståing og spelet hennar har preg av at ho musiserar og formidlar med innleving, kraft og kreativitet. Ho fengar publikummet sitt med å gi spelet eit eige og personleg utrykk.

Prismotakaren har vore ivrig deltakar på kappleikar og festivalar og ho spelar både som soloartist og i gruppespel. Ho har markert seg som ein spennande utøvar i samspel med spelmenn på andre instrument og ho har laga eigne arrangement på slåttar. I eit slikt samspel deltok ho i ”Ung energi”-prosjektet på Førdefestivalen, og ho har delteke på UKM, Ungdommens kulturmønstring.

Mathilde har hatt Harald Hesjevoll som lærar gjennom musikkskolen, og ho spelar framleis hos han. Gjennom musikkskolen spelar ho òg hos Synnøve Bjørset. I tillegg har ho vore deltakar på utallige sommarkurs på Mo og i det lokale spelmannslaget. Slik har ho fått undervisning frå mange gode hardingfeleutøvarar, der Håkon Høgemo blir nemnt som ein som har vore ein viktig inspirator.

Mathilde spelar mest norsk folkemusikk, men er også innom andre musikksjangrar på instrumentet sitt.

Takk til

Styret for minneprisen takkar Spelemannslaga Dalsfjorden og Gaular og Sogn og Fjordane folkemusikklag for samarbeidet, og at vi fekk nytte Vestlandskappleiken som arena for utdelinga. Styret vil òg takke Inga-Hilde Breivik for utforming av diplomen. Og vi takkar alle som gir økonomiske bidrag til prisen.

Mathilde Skjæret

Mathilde Skjæret

Laga av Lauen Dans&Design