Minnepris til Ida Mikkonen

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE 2022 er tildelt Ida Mikkonen, født 2008, fra Bergen.

Prisen, som er på 15 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Jostedalen laurdag 8. oktober.

Årets prismottaker begynte å spela hardingfele gjennom rekrutteringsprosjektet i Bergen ungdomslag Ervingen: «Morgondagens spelemenn» i 2015. Etterkvart fekk Ida Mikkonen plass i kulturskolen med Elna Selle som lærer. Dei siste åra har ho hatt Johanne Mjøs som lærer, både i hardingfele og vanleg fele. Ida er også med i Bergen juniorspelemannslag og i mindre grupper for dei ivrigast elevane. 

Ida har god kontroll på slåttar og arrangement til samspel, og er dermed ein viktig ressurs i spelemannslaget. Til tross for sin unge alder, har ho alt eit godt og klart spel, og øver flittig. Hausten 2021 fkek ho plass i fordjupningsprogrammet i Bergen ulturskole. Ida er ein ivrig deltakar på kurs og festivalar. Ho deltar også på kappleiker som soloutøvar – og i gruppespel. Prisvinnaren er del av ein duo – og dei stiller gjerne opp på ulike speleoppdrag. I vår spelte dei på folkemusikkfestival i Litauen, og fekk mange gode tilbakemeldinger på det! Ida spelar også saman med sin far, som er gitarist, og dei stiller på ulike speleoppdrag saman.

”Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.”

Prisen er støttet av Sparebanken Vest med flere og har vore delt ut årlie siden 2007.

Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.

Styret for minneprisen:

Arne Anderdal, Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Moldestad og Eva Marie Toppe.

_____________________________________________________________________

For meir informasjon eller spørsmål:

Nettstad: http://www.bergen.ungdomslag.no/minnepris

Snakka med nokon i styret for minneprisen, om tildelinga: 

Eva Marie Toppe tlf. 97769649, Solgunn M.Flaktveit tlf. 99151125

Minneprisen 2021

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS  TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE 2021 er tildelt vår eiga Ingrid Sofie Midtbø–Bruner. Me gratulerar så mykje!

Prisen, som er på 15 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Granvin lørdag 9. oktober. Styret seier dette i grunngjevinga for tildelinga:

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris 2021 går til ein utøvar som allereie har lang fartstid i folkemusikkmiljøet, sin unge alder til tross. Ho har vore med eldre syskjen på kappleikar, konsertar, spelkurs og anna-  fra ho var heilt liten – og så snart ho vart gamal nok – starta ho å spele  hardingfele sjølv. Utøvaren er elev i Osterøy Kulturskule – og aktiv medlem av Bergen juniorspelemannslag  og Osterøy spel – og dansarlag. Ho har Maria Toppe som lærar no – og har tidlegare også hatt Håkon Høgemo som lærar.
Det seiast om utøvaren at ho har god kontroll på slåttar , arrangement  og stemmer i samspel, og er slik ein viktig musikalsk ressurs i ungdomsgruppa og spelemannslaga. Ho har og ei god utvikling med tanke på solospel – og spelar klårt , tydeleg og med god kraft i spelet.
Siden i fjor har ho hatt dobbel kulturskuleplass – noko som ekstra motiverte  elevar kan ha for å få meir tid til å utvikle seg på instrumentet sitt.
Utøvaren er i tillegg til å delta i kulturskule og spelemannslag – ivrig kursdeltager – og med på alt ho kan få med seg av folkemusikkarrangement – som aktiv hardingfele- og felespelar.
Utøvaren spelar og vanleg fele der ho er elev hjå Johanne Mjøs. I tillegg spelar ho klassisk fiolin i Åsane Unge strykere – og ho spelar Canadisk folkemusikk. Utøvaren er altså ein svært allsidig og ivrig ung musikar.

Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.

Prisen er støtta av Sparebanken Vest og har vore delt ut årleg sidan 2007.

Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.

I styret for minneprisen sit: Arne Anderdal, Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Moldestad og Eva Marie Toppe.

_____________________________________________________________________

Snakke med nokon i styret for minneprisen, om tildelinga: 

Eva Marie Toppe tlf. 97769649, Solgunn M.Flaktveit tlf. 99151125

Minnepris til Hannah Moira!

Minnepris til stortalent frå Osterøy

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS  TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE 2020 er tildelt 16 år gamle Hannah Moira Midtbø –Bruner, frå Osterøy.

Prisen, som er på 15 000 kroner, vart delt ut på Osafestivalen på Voss søndag 25. oktober.

Hannah Moira er 16 år – og begynte å spele hardingfele allereie som 4-åring.

Ho gjer det skarpt på instrumentet sitt-  og har  i år motteke Norsk Kulturskuleråd sitt Draumestipend  og  Arna og Osterøy sitt kulturstipend for unge talent.  Ho har sidan ho starta å spele-  vore aktiv i Osterøy spel og dansarlag – seinare også fleire år i Bergen juniorspelemannslag. Ho har  ei viktig rolle i begge  laga . Hannah spelar og i  grupper – der ho likar utfordringar med tanke på gode arrangement av slåttemusikken. Interessa for dansespel visar ho som dansespelemann i dei lokale danselaga.

Kandidaten  er ein svært dyktig soloutøvar som bidreg aktivt på scena  i mange samanhengar- og ho kan vise til gode plasseringar på kappleikar både lokalt og på landsbasis.

Kandidaten har hatt Håkon Høgemo som lærar sidan ho var barn –og  ho spelar fortsatt hjå han. I seinare år har ho og hatt Maria Toppe som lærar. 

Kandidaten er nå elev ved musikklinja på Langhaugen vidaregåande skule.

Ho er ein allsidig musikar. I tillegg til å dyrke hardingfelespel – spelar ho både norsk og canadisk folkemusikk på flatfele,- og ho spelar klassisk fiolin.

Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.

Prisen er støtta av Sparebanken Vest og har vore delt ut årleg sidan 2007.

Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.

I styret for minneprisen sit:

Arne Anderdal, Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Moldestad og Eva Marie Toppe.

____________________________________________________________________

For meir informasjon eller spørsmål:

Nettstad: http://www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/ https://osafestivalen.no/arrangement/utdeling-av-audhild-flaktveit-moxnes-sin-minnepris/

Snakke med nokon i styret for minneprisen, om tildelinga: 

Arne Anderdal, tlf. 90165283, Sigrid Moldestad tlf. 90177102, Eva Marie Toppe tlf. 97769649

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS 2020

Audhilds med fela
Foto: Erling Moxnes
Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen. Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.  På grunn av situasjonen med coronasmitte er det per no ikkje bestemt tid og stad for utdeling av minneprisen, eller i kva samanheng den vil bli delt ut, men den skal delast ut i haust. FRIST for innsending av forslag er mandag 21.9.2020. Forslag skal sendast til: Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen e-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2020”. For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS 2019

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS  2019 er tildelt 18 år gamle Tori Helgheim Grung frå Bergen. Prisen, som er på kr. 15 000,-,  blir delt ut på Vestlandskappleiken 2019 i Operahuset Nordfjord laurdag 19. oktober.

Tori er ein dyktig hardingfeleutøvar, ho er aktiv både i folkemusikk- og folkedansmiljøet i Bergen. Ho har gått, – og går i Kulturskolen i Bergen og i Bergen Juniorspelemannslag.

Ho kan visa til gode resultat på Hordamønstring, Vestlandskappleik og Landskappleik – både i solospel, gruppespel og lagspel!

Prisvinnaren starta å spele hardingfele då ho var 8 år. Som lærarar har ho hatt  Elna Føleide Selle og Maria Toppe. Ved Kulturskolen i Bergen har ho hatt utvida undervisningstid ved å delta på fordjupingsprogrammet ved Kulturskolen. I Bergen Juniorspelemannslag er ho med i ei samspelsgruppe for dei eldste elevane der. I tillegg spelar ho ofte til dans på øvingane til Barnelaget i Bergen ungdomslag Ervingen. Ho er godt forankra i dansespelet og spelar med god dansesnert. Som deltakar i samspel for dei eldste elevane i Bergen Juniorspelemannslag har ho vist stort engasjement. Ho har god kontroll på både slåttar, andrestemmer og arrangement på slåttane. Ho har hatt ei spesiell fin utvikling i å skape variasjonar i spelet sitt. I tillegg er ho merksam på samspel, og kva som skal til for at det skal bli best mulig.

Prisvinnaren er eit fint forbilde for dei yngre barna i ungdomslaget, både dansarar og felespelarar.  Ho tar seg tid til dei og motiverer dei til å vera med.

I tillegg vil ein bemerka at Tori viser, med si allsidige bruk av folkemusikken, at dansespel, konserter, samspel, rekruttering og kurs er viktige sider ved folkemusikken!

Merk! Det har vore vanleg at prisvinnaren har spelt ein slått etter utdelinga. Denne gongen blir det ikkje slik då Tori i år er på utveksling til Argentina, der ho studerer folkemusikk, og  hardingfela har ho med. Det vil i staden bli lest opp ei takkehelsing frå Tori.

Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.

 ————————————–

Prisen er støtta av Sparebanken Vest og har vore delt ut årleg sidan 2007.

Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.

I styret for minneprisen sit: Arne Anderdal, Solgunn M. Flaktveit, Sigrid Moldestad og Eva Marie Toppe.

For meir informasjon eller spørsmål: Nettstad: http://www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/ http://www.vestlandskappleiken.no

 

Snakke med nokon om tildelinga:

Maria Toppe mob. 91637213. Eva Marie Toppe mob. 97769649. Solgunn M. Flaktveit mob. 99151125

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris – tildeling 2019

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.

Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2019, og er på kr. 15.000,-.

Kappleiken finn stad: 18.-19. oktober i Operahuset Nordfjord, Nordfjordeid.

FRIST for innsending av forslag er fredag 20.9.2019.

Forslag skal sendast til:

Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen

e-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no

Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2019”.

For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/

MINNEPRIS TIL UNG HARDINGFELESPELAR FRÅ VOLDA

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS  2018 er tildelt 16 år gamle Åsmund Arnesen Farstad frå Volda. Prisen, som er på 15 000 kroner, blir delt ut på Vestlandskappleiken på Voss laurdag 27. oktober.

Åsmund er ein kunnskapssøkjande musikar som tek initiativ til å lære og arbeider hardt for å nå måla sine. Han spelar både hardingfele og fele og er aktiv medlem i Spelemannslaget Fjelljom (fele og hardingfele).

Prisvinnaren har for det meste hatt Jorun Marie Kvernberg, Arne Sølvberg og Britt Pernille Frøholm som lærarar på hardingfele, i slåttetradisjonen frå Nordfjord og Sunnmøre. Han har delteke på ulike kurs, prosjekt og samlingar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Han har hatt fine plasseringar på Fylkeskappleiken i Sogn og Fjordane dei siste åra, i fele/ hardingfele. I 2018 fekk han 1. og 2. plass, fele/ hardingfele, på Fylkeskappleiken i Møre og Romsdal. Her har han fleire gode resultat både i solospel og med grupper som han har leia. I 2017 vann Åsmund Draumestipendet for si allsidige interesse for musikk og som utøvar. Åsmund har ei eiga og spesiell interesse for folkemusikken, og går no første året på musikklinja på Volda vidaregåande skule. Årets prisvinnar er talentfull, flittig og engasjert, og har hatt ei svært positiv utvikling som hardingfeleutøvar dei siste åra. Me ser fram til å fylgja prisvinnaren vidare!

Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.

Prisen er støtta av Sparebanken Vest og har vore delt ut årleg sidan 2007.

Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.

 

I styret for minneprisen sit:

Arne Anderdal, Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Moldestad og Eva Marie Toppe.


Audhild Falktveit Moxnes sin minnepris

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE – TILDELING HAUSTEN 2018

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.

Føremålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2018, og er på kr. 15.000,-.

Kappleiken finn stad på Voss  26. –28. oktober 2018, same helga som Osafestivalen.

FRIST for innsending av framlegg er 05.10.2018.

 

Framlegg skal sendast til:

Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen

e-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no

Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2018”.

 

For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris

MINNEPRIS TIL UNG HARDINGFELESPELAR FRÅ GRANVIN

 

Jonas LaupsaAudhild Flaktveit Moxnes sin minnepris 2017 vart i helga tildelt 17 år gamle Jonas Laupsa frå Folkedal i Granvin. Prisen, som er på 15 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Askvoll laurdag 14. oktober.

Jonas begynte å spele hardingfele då han var 7 år, -ved Granvin musikkskule, med Knut Hamre og Johanna Mjeldheim som lærarar . Han ynskjer å satse på folkemusikk, og går no på musikklinja ved Voss Gymnas, andre året. Der har han Leif og Steinar Rygg som lærarar, i tillegg får han undervisning av andre dyktige lærarar i musikkteori, musikkhistorie osv.

Dei siste 5 åra har Jonas delteke på Vestlandskappleik, Hordamønstring, landskappleik og ulike kurs rundt i landet. Utøvaren har fleire gonger vunne klasse C hardingfele på kappleikar. Han har og delteke aktivt i Hardanger junior- og seniorlag og spelt med dei på kappleikar. Jonas spelar og på konsertar på Voss og i Hardanger, -blandt anna saman med kvedaren Mari Holven.

Årets prisvinnar er ein talentfull, flittig og engasjert hardingfeleutøvar som me gler oss til å høyre i tida som kjem!

Føremålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.

Prisen er støtta av Sparebanken Vest og har vore delt ut sidan 2007. Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.

I styret for minneprisen sit: Arne Anderdal, Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Moldestad og Eva Marie Toppe.

Kjersti Kindingstad Vågen

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS 2016 er tildelt 18 år gamle Kjersti Kindingstad Vågen, frå Kvam i Hardanger. Prisen, som er på 10 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Bergen laurdag 01. oktober.

Kjersti Kindingstad Vågen. Foto: Erling Moxnes

Kjersti Kindingstad Vågen. Foto: Erling Moxnes

Styret seier om prisvinnaren:

Kjersti begynte å spele hardingfele då ho var 8 år. Ho har hatt dyktige lærarar i kulturskulen  og på utallige kurs, der Mokursa gjennom mange år nemnes  spesielt. Utøvaren begynte å spele hardingfele hjå Benedicte Maurseth, men ho har og spelt hjå Knut Hamre, Arngunn Timenes Bell og ho er no elev hjå Marta Linga. Utøvaren var Master -class elev i 2015 og er og i 2016 Master-classelev, der Knut Hamre er læremeistar.  Kjersti har delteke på fleire lokale kappleikar  og landskappleikar, i soloklassa,- og som medlem av gruppe og lag. Ho har teke oppdrag på hardingfela si i mange samanhengar , og våren 2015 vart ho mellom anna plukka ut til å spele på  festframsyning i Grieghallen. Kjersti har vore medlem i Hardanger juniorspelemannslag sidan ho var 10 år, og dei siste åra har ho og spelt med seniorlaget. Siste året har ho vore med i Trioen ”Undertonar” – der ho blir utfordra på nye måtar i lag med andre unge dyktige hardingfele- elevar . Årets prisvinnar er ein talentfull, flittig, og engasjert  hardingfele-utøvar som me gler oss til å høyre mykje  i tida som kjem.

Takk til: 

Styret for minneprisen takkar Hordaland folkemusikklag, Spelmannslaget Fjellbekken, Bygdedanslaget i Bjørgvin og Bergen ungdomslag Ervingen for samarbeidet, og at me fekk nytta Vestlandskappleiken som arena for utdelinga. Styret vil òg takke Inga-Hilde Breivik for utforming av diplomen. Og me takkar Sparebanken Vest og andre som gjev økonomiske bidrag til prisen.