Ingeborg Hollekim Bringslid

Minneprisen vart delt ut under Vestlandskappleiken 2010 på Lofthus laurdag 2. oktober. Utdelinga skjedde på Krossvoll ungdomshus på Lofthus.

Styret seier om prisvinnaren

Ingeborg Hollekim Bringslid

Ingeborg Hollekim Bringslid

Ingeborg viser kreativitet i spelet sitt og har lyst til å fortelje noko. I samspel er prismottakaren spanande utøvar, som gjerne krydrar spelet med små kreative andrestemmar.

Prismotakkaren er 17 år og bur på Landås i Bergen. Ho er for tida elev på Langhaugen videregående skole i Bergen, her har ho hardingfele som hovudinstrument med Benedicte Maurset som lærar.

Ingeborg er aktiv i både folkemusikk- og folkedansmiljøet, har ein entusiasme og interesse for folkemusikken og -dansen og er eit inspirerande førebilete for dei yngre deltakarane. Ho har deltatt på massevis av ulike kurs og har eit felespel i solid vestlandstradisjon samstundes som ho beherskar slåtter frå andre tradisjonsområde.

Prismotakaren viser kreativitet i spelet sitt og har lyst til å fortelje noko. I samspel er prismottakaren spanande utøvar, som gjerne krydrar spelet med små kreative andrestemmar.

Ingeborg har deltatt både i gruppespel og individuelt på kappleik. I sommar har ho som del av ein trio spelt på oppdrag i både Grieghallen og Håkonshallen og har deltatt som ”Ung energi-artist” på Førdefestivalen med gruppa ”Opplett”.

Ingeborg har spelt hardingfele frå 7-årsalderen, har vore elev ved Bergen kulturskole med Elna Selle som hovudlærar, og har vore aktiv i Bergen Juniorspelemannslag.

Takk til

Styret for minneprisen takkar Hardanger spelmannslag og Hordaland folkemusikklag for samarbeidet, og at vi fekk nytte Vestlandskappleiken som arena for utdelinga. Styret vil òg takke Inga-Hilde Breivik for utforming av diplomen. Og vi takkar alle som gir økonomiske bidrag til prisen

Ingeborg Hollekim Bringslid

Ingeborg Hollekim Bringslid

Laga av Lauen Dans&Design