Vegen vidare?

Bergen ungdomslag Ervingen har passert 10 år med ei vellukka jubileumsfeiring. Men vi opplever også nedturar med store økonomiske problem og sviktande rekruttering til forretningsdrifta og ein alvorleg nedgang i medlemstalet i laget.

rosa-200x200Dei siste åra har vi også, både lagstyret og andre, brukt mykje tid på å finna fram til andre måter å organisere oss på utan å lukkast. Så korleis skal vi løysa problema? Og har laget eigentleg ei framtid?
For å nå måla våre er me avhengige av ressursar, både menneskelege og økonomiske. Ein viktig del av diskusjonen er difor lagsbruket si rolle for laget både for å skaffa inntekter, men også for å promotere våre verdiar og interesser.

Lagsstyret inviterar alle medlemar til å koma med sine tankar, meiningar og visjonar for laget. Korleis skal me halde fast på kjerneverdiane våre? Kva er kjerneverdiane? Og kva vil me at Bergen ul Ervingen skal vere i framtida?

Velkomne til lagsmøte i Gimle, Kong Oscarsgate 18, tysdag 15. november klokka 19.30

Debattleiar er Eli Ulvestad, generalsekretær i Noregs Ungdomslag. Innleiarar er Eldbjørg Gunnarson, Rådsleiar og styreleiar Borghild M. Opdahl.

 

Laga av Lauen Dans&Design