Flagga er fira, bunadene hengt opp att i skapa og bileta frå 17. mai er endeleg blitt lagt ut på flickr-sida vår. Takk til Kjersti J. Nybø for flotte bilete!

Flagga er fira, bunadene hengt opp att i skapa og bileta frå 17. mai er endeleg blitt lagt ut på flickr-sida vår. Takk til Kjersti J. Nybø for flotte bilete!
Den siste strålande laurdagen i april vart Dansens dagar markert i Bergen. Ungdomslaget deltok i det offisielle programmet to stader, på togstasjonen og på biblioteket. Barnelaget og ungdomsringen dansa og Audhilds spelte på togstasjonen, og både reisande og fastbuande som hadde teke turen for å sjå god dans og oppdaga nye grupper fekk ein god […]
På 17. mai skjer det mykje moro, her får de ein oversikt over når og kor ting skjer i ungdomslaget.
Laurdag 31. mai kjem Kartellet og Håvard Lund til Bergen og skal halde to framsyningar i Gimle, kl. 17.30 og 19.00. NB! Det er maks 35 publikumarar på kvar framsyning. Det blir sal i døra om det er ledige billettar. Hendinga på Facebook Kjøp billettar her! Kartellet er ei interaktiv danseforestilling der skille mellom sal […]
Tidlegare i dag offentleggjorde me at Bergen ul Ervingen skal starta opp ei toradar- og sekkepipegruppe frå hausten. Dette var diverre berre ein aprilspøk. Me hev ingen avtale med Bergen Bagpipe School. Ein skal derimot ikkje sjå vekk ifrå at det i framtida dukkar opp ny toradarmoro i laget.
Kring 90 store og små samla seg i går i Gimle for å sjå og høyre Prøysebandet, Kvedargruppa i Bergen, Audhilds, Barnelaget og Ungdomsringen synge, spele og danse til prøysenviser. Etter konserten vart det dans til dei ulike gruppene, songdans, allsong og kafé. Du kan sjå bilete frå prøysenfesten her. Fotograf var Kjersti Johanne Nybø. […]
På sundag frå 17.00 til 19.00 skipar Barnelaget familiefolkedans. Det vert dans til Juniorspelmannslaget, som for anledninga hev med seg ei perkusjonsgruppe frå Kulturskolen. Det vert leia dans, leik og moro, i tillegg til kaffi, kaker, saft og frukt. For dei vaksne kostar tilskipinga 60/80 for medlem/ikkje medlem, og for barn er det gratis. Ta […]
I år fyller den folkekjære diktaren, visesongaren og barnetimeonkelen Alf Prøysen 100 år. Dette skal me feira med ei heilafta i Gimle, laurdag 22. mars klokka 19.30. Kvedargruppa i Bergen, Audhilds og Prøysenbandet kjem for å spela, og det vert dans, songdans, kafè, allsong og hygge! Dansen begynnar etter omlag ein time. Alle er hjarteleg […]
Folkedanslaget og folkemusikklubben Columbi Egg inviterar til Folkemusikkfesten 2014 i Gimle, laurdag 8. februar klokka 19.30. Det vert både konsert og dans til storgruppa Väsen frå Sverige og tex-mexbandet Texanos. Dansen varar til rundt midnatt, og det vert moglegheit for å kjøpa kaffi og kaker. Alle er hjarteleg velkomne!
Laurdag 25. januar opnast dørene i Gimle for årets fyrste dansefest. Folkedanslaget skipar til Spel- og dansemaraton, og det kjem ein heil haug spelmenn og spelmannslaget for laga god stemning. Då kan ikkje dansarane svikta! Kom, kom!