Forfattararkiv

Maria og Eva Marie Skjeldrum Toppe. Foto: Kjersti J. Nybø

Dans- og spelmaraton 2017

Maraton er eit løp som går over 42 195 m. Ordet «maraton» blir ofte brukt for å skildra noko som krev stort uthald. 28. januar inviterer me spreke dansarar og spelemenn/-kvinner til å delta på årets kjekkaste uthaldsløp, nemleg dans- og spelmaraton i Gimle. Dans I ein kveld fullstappa med mykje god dansemusikk vert det høve til […]

Rotation och sväng. Foto: Jonas Hjalmarsson

Teknikk, uttrykk, balanse, lytting og samdans

Haustens dansekurs nærmar seg. Velkomen til kurs med “Rotation och sväng” i Gimle helga 22.-23. oktober! “Rotation ocg sväng” består av Ami Petersson Dregelid og Ellika Frisell. Ami er frilans dansar og pedagog, som underviser på Danshögskolan, Kungl. Musikhögskolan i Stockholm og på Eric Sahlströminstitutet. I Noreg har ho undervist på mellom anna NTNU og […]

Nybegynnar-kurs i norsk folkedans

Nybegynnar-kurs i norsk folkedans

Hausten 2016 skipar Bergen ungdomslag Ervingen til nybegynnarkurs i norsk folkedans, seks måndagar på rad. Fyrste øving vert allereie 29. august. Nybegynnarkurset gir ei innføring i ein del av dei vanlegaste folkedansane, og ein er med det rusta til å ta del i vanlege danseøvingar i laget, eller bruka folkedans på eit dansegolv ein annan […]

Til ære for dansen

Til ære for dansen

Dansens dagar vert markert i heile verda rundt Dansens dag 27. april. I Bergen vert dette vanlegvis markert laurdagen etter, med dans i byrommet frå både profesjonelle og amatørar. Ungdomsringen og folkedanslaget viste fram noko av det dei driv med på biblioteket. Det er vanlegvis ganske roleg mellom hyllene på Bergen offentlege bibliotek, men både […]

Familiefolkedans, 2015. Foto: Kjersti J. Nybø

Hordamønstring 2016

Allereie før fristen for påmelding har gått ut, er over 80 enkeltpersonar – fordelt på 40 startnummer – klare for Hordamønstringa 2016 i Gimle laurdag 12. mars. Størst er pågangen mellom dei yngste, og sjokoladekappleiken kjem til å verta full av gode innslag. Men òg utover ettermiddagen og kvelden vert det nok å ta seg […]

Deltakarar på dansekurs. Foto: Kjersti J. Nybø

Vil du læra å dansa folkedans?

I vår arrangerer folkedanslaget i Bergen ungdomslag Ervingen to ulike kurs for den som har lyst å dansa norsk folkedans. Det vert innføring i og oppfrisking av springleik i april, og i slutten av februar vert det kræsjkurs i folkedans. februar kl. 13-15 kan du komma til Gimle for å få ein smak på eller oppfrisking […]

Laga av Lauen Dans&Design