Arkiv | Folkemusikk

RSS-straum for denne seksjonen
Audhild F. Moxnes

Minnepris til unge utøvarar på hardingfele

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS – TILDELING HAUSTEN 2014 Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på  hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen. Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen […]

Folkedansarar på Montana. Fotograf: Kjersti J. Nybø

Festspelartistar på sjufjellsturen

Omlag 25 unge dansarar og spelmenn frå Bergen ungdomslag Ervingen tok del når Festspillene i Bergen skulle underhalda tusenvis av bergensarar på fjelltur søndag 25. mai. Bergen viste seg frå si beste side, og alt var duka for ein strålande utmarsjdag for dei mange tusen som tok del på den 60. sjufjellsturen. Ungdomslaget har ikkje […]

Audhilds spelar på togstasjonen. Foto: Mari S. Lysne

Dansens dag 2014

Den siste strålande laurdagen i april vart Dansens dagar markert i Bergen. Ungdomslaget deltok i det offisielle programmet to stader, på togstasjonen og på biblioteket. Barnelaget og ungdomsringen dansa og Audhilds spelte på togstasjonen, og både reisande og fastbuande som hadde teke turen for å sjå god dans og oppdaga nye grupper fekk ein god […]

Thomas De Ridder, Pipe Major hjå Bergen Bagpipe School

Aprilsnarr!

Tidlegare i dag offentleggjorde me at Bergen ul Ervingen skal starta opp ei toradar- og sekkepipegruppe frå hausten.  Dette var diverre berre ein aprilspøk. Me hev ingen avtale med Bergen Bagpipe School. Ein skal derimot ikkje sjå vekk ifrå at det i framtida dukkar opp ny toradarmoro i laget.  

Prøysenbandet speler konsert

Vellukka prøysenkveld

Kring 90 store og små samla seg i går i Gimle for å sjå og høyre Prøysebandet, Kvedargruppa i Bergen, Audhilds, Barnelaget og Ungdomsringen synge, spele og danse til prøysenviser. Etter konserten vart det dans til dei ulike gruppene, songdans, allsong og kafé. Du kan sjå bilete frå prøysenfesten her. Fotograf var Kjersti Johanne Nybø. […]

Familiefolkedans på sundag

Familiefolkedans på sundag

På sundag frå 17.00 til 19.00 skipar Barnelaget familiefolkedans. Det vert dans til Juniorspelmannslaget, som for anledninga hev med seg ei perkusjonsgruppe frå Kulturskolen. Det vert leia dans, leik og moro, i tillegg til kaffi, kaker, saft og frukt. For dei vaksne kostar tilskipinga 60/80 for medlem/ikkje medlem, og for barn er det gratis. Ta […]

Laga av Lauen Dans&Design