Forfattararkiv

Hyggekveld på måndagsringen. Foto: Kjersti J. Nybø

Vårsemesteret i folkedanslaget

Vårsemesteret 2015 er endeleg i gang, og folkedanslaget har mange spanande og fine opplevingar planlagt for alle som vil dansa denne våren. Folkedansøvingar Dei faste øvingane til måndagsringen, folkedans for seniorar og fordjupingsøvinga går på same tid som før, med mange kjente spelmenn og instruktørar. Måndag fyrstkommane, 12. januar, er nye dansarar særleg velkomne, så […]

Dans- og spelmaraton 2014. Foto: Kjersti J. Nybø

Dans- og spelmaraton

Maraton: langdistanseløp over 42 195 m på landeveg. 42 195 steg på dansegolvet? 42 195 strok med bogen over felestrengane? 42 195 ord utveksla med gamle og nye kjente? 42 195 latterkuler? 42 195 kaffislurkar? Den årlege dans- og spelmaratonen i Gimle kan by på alt dette, og meir til. Dans I ein kveld fullstappa med […]

Romjulsdans

Romjulsdans

Når desember nærmar seg slutten og ein godt og vel har opna gåver, gått rundt treet og ete godt – ja, då er det på tide å finna vegen til Gimle att, til romjulsdans. Romjulsdansen i år byr på gjensyn med gamle kjente. Toradargruppa Litt tå kvart tek turen frå Fyllingsdalen, og spelkvinne Ida Marie […]

Haustfesten 2012. Foto: Mari S. Lysne

Velkomen til haustfest!

Laurdag 22. november inviterer folkedanslaget til ei av dei årlege storhendingane i laget, haustfesten. Den tradisjonelle haustfesten føregår i kjente former, men kanskje med nokre nye overraskingar. Det vert underhaldning, middag, dans til spelmannslaget Fjellbekken og økter med songdans. Ungdomsingen stiller med gode kaker til kaffien, og på middagsmenyen står raspeballar. Tid: laurdag 22. november […]

Dansekurs i hallingspringar. Foto: Kjersti J. Nybø

Kurs i valdresspringar

Andre helga i november får me besøk frå Valdres, og gjestene vil læra oss valdresspringar heile helga. Helga 8.-9. november skipar Bygdedanslaget i Bjørgvin og Bergen ungdomslag Ervingen til helgekurs i valdresspringar i Gimle. Kurset varar frå 10.00-16.00 på laurdagen og 11.00-15.30 på søndagen. Kursinstruktørar er Stian Roland og Tone Voldhaug, og spelemann vert Laura […]

Eidsholmen

Hyttedans i oktober

Laurdag 18. oktober vert det høve til å komma saman for å nyta ein haustkveld på hytta. Det vert underhaldning, dans, song og mat. No rullar Have svært mot Landmed Skùm um skavlande Ryggirog bryt seg sprengt mod Øydestrand,der berre Vindtroll byggjer.Og Stormen skrik i ville Gru,der yvi Djup han jagarmed Fòk og Ròk um […]

Føremiddagskaffi i sola. Foto: Mari S. Lysne

Sol, sva og dansesteg

Helga 13.-14. september var ei gruppe unge vaksne på Eidsholmen for å nyta godt selskap og godt ver. Dei fekk begge deler. Septemberveret kunne ikkje ha vore betre denne helga, og det vart høve til både lange stunder utandørs og ein dupp i sjøen for dei meir hardføre. Både laurdag ettermiddag og søndag føremiddag vart […]

Kristoffer Kleiveland. Foto: Mari S. Lysne

Vellukka kulturnatt i Gimle

Mellom 70 og 80 personar var innom i Gimle då folkedanslaget inviterte bergensarar på konsert og dans under den årlege kulturnatta. Kristoffer Kleiveland var hovudtrekkplasteret denne kvelden, og heldt ein fin, variert og uformell konsert for dei vel 40 frammøtte. Etter ekstranummeret, som kom etter begeistra applaus og eit lattermildt “gudskjelov, då var ikkje all […]

Dans under sjufjellsturen. Foto: Kjersti J. Nybø

Nybegynnarkurs i folkedans

Helga 20.-21. september vert det nybegynnarkurs i norsk folkedans i Gimle. Her kan du læra mellom anna reinlender, vals, springar og halling. Borghild Opdahl skal vera instruktør og Terje Furenes spelmann for nybegynnarane som kjem til Gimle laurdag og søndag neste veke. Det er enno ledige plassar på kurset, og påmeldingsfristen er måndag 15. september. […]

Laga av Lauen Dans&Design