Forfattararkiv

Hyggekveld, mars 2014. Foto: Kjersti J. Nybø

Hausten i folkedanslaget

Her er ei oversikt over programmet folkedanslaget har planlagt for gamle og nye dansarar i haust. Folkedanslaget har ein del spikra, mange gode idear og nokre lause trådar, men noter deg datoane og bli med på moroa! Dei fleste danseøvingane i laget startar opp att i veke 35. Måndagsringen fortset med gode instruktørar og spelmenn […]

Folkedansarar på Montana. Fotograf: Kjersti J. Nybø

Festspelartistar på sjufjellsturen

Omlag 25 unge dansarar og spelmenn frå Bergen ungdomslag Ervingen tok del når Festspillene i Bergen skulle underhalda tusenvis av bergensarar på fjelltur søndag 25. mai. Bergen viste seg frå si beste side, og alt var duka for ein strålande utmarsjdag for dei mange tusen som tok del på den 60. sjufjellsturen. Ungdomslaget har ikkje […]

Kubb-vinnarar. Foto: Kjersti Johanne Nybø

Vårhelg på hytta

Helga 24.-25. mai var ein gjeng unge vaksne i laget på lagshytta, Eidsholmen. Trass kald vind vart det moglegheit for både bading, kubb og kaffi i solveggen, i tillegg til inneaktivitetar. Me har mange gode instruktørar i laget, og laurdag kveld fekk me moglegheit til å ta del på kortkurs i lindy-hop, godt leidd av […]

Audhilds spelar på togstasjonen. Foto: Mari S. Lysne

Dansens dag 2014

Den siste strålande laurdagen i april vart Dansens dagar markert i Bergen. Ungdomslaget deltok i det offisielle programmet to stader, på togstasjonen og på biblioteket. Barnelaget og ungdomsringen dansa og Audhilds spelte på togstasjonen, og både reisande og fastbuande som hadde teke turen for å sjå god dans og oppdaga nye grupper fekk ein god […]

Kano på Eidsholmen, fotograf Torbjørn B. Lauen

Hyttetur for unge vaksne

Laurdag 24. til søndag 25. mai er det dei unge vaksne i laget sin tur til å besøka lagshytta vår, Eidsholmen. Folkedanslaget vil gjerne ha med alle medlemmer mellom 19 og 35 på hytta, om du dansar, syng eller spelar. Dette er eit godt høve til å verta kjend med andre i laget – og […]

Kjekk avslutning på mars månad

Kjekk avslutning på mars månad

Måndag 31. mars inviterte måndagsringen alle lagsmedlemmar til hyggekveld i storsalen. Det var dans fyrste halvdel av kvelden, og når koret kom ned vart det framsyning, kaffi, kaker og kviss! Koret arbeider i vår fram mot ein retteleg fest-kveld i mai, og baud på eit lite utdrag av pop-låtane dei syng for tida. “De veit […]

Laga av Lauen Dans&Design