Forfattararkiv

Søndagskaffi utanfor hytta. Foto: Mari S. Lysne

Hyttetur for unge vaksne til Eidsholmen

Helga 5.-6. september vert det hyttetur for alle unge vaksne (18-30+) i Bergen ungdomslag Ervingen. Turen går som vanleg til Eidsholmen. Om ein spelar, dansar, syng, driv med teater eller berre er nysgjerrig på kva som føregår i Bergen ungdomslag Ervingen er ein hjarteleg velkomen til å vera med på hytta denne helga. Avreise vert […]

Folkemusikkfesten 2015. Foto: Kjersti Johanne Nybø

Folkedanshausten 2015

Hausten er snart over oss, og det er mykje spanande som skjer i ungdomslaget framover! Her er ei lita oversikt over det som skal føregå på folkedansfronten. Dei faste øvingane i laget startar opp i veke 36. Barnelaget øver måndagar kl. 17.15-18.30, ungdomsringen rett etterpå, og måndagsringen  kl. 20-22 i 3. høgd i Gimle, folkedans […]

Gjertruds sigøynerorkester og Kristoffer Kleiveland band på Folkemusikkfesten 2015.Foto: Kjersti J. Nybø

Danse- og speleglede

Folkemusikkfesten i Gimle 28. februar var ei kjekk oppleving for alle som var til stades. Gjertruds sigøynerorkester hadde med musikk frå heile Europa, medan Kristoffer Kleiveland band stilte med det heimlege, frå Osterøy. Her kan du sjå bilete frå kvelden og (gjen)oppleva stemninga. Alle bilete er ved husfotograf Kjersti Johanne Nybø.

Hallingmusikk og vestlandsspel

Hallingmusikk og vestlandsspel

Laurdag 21. mars vert det igjen dansefest i Gimle. Denne gong spelar Reinlenderkvartetten til konsert og dans, godt støtta av spelmannslaget Audhilds. Reinlenderkvartetten er ei ganske fersk gruppe frå Hallingdal (og til dels Voss). Medlemmene er Arne Anderdal, Knut Fausko, Jo Asgeir Lie og Ingunn Stræte Lie. Til Gimle kjem dei som trio med god […]

Gjertruds sigøynerorkester

Ein full folkemusikkaftan

Laurdag 28. februar inviterer Folkemusikklubben Columbi Egg og Bergen ungdomslag Ervingen til ein full festaftan i folkemusikkens teikn, med konsert og dans med Gjertruds sigøynerorkester og Kristoffer Kleiveland Band. Gjerstruds sigøynerorkester har eksistert sidan 1989 og spelar aust-europeisk folkemusikk med stor innlevelse og eleganse. Leiar er Gjertrud Økland, og med på instrument som trekkspel, cello, klarinett og […]

Hyggekveld på måndagsringen. Foto: Kjersti J. Nybø

Vårsemesteret i folkedanslaget

Vårsemesteret 2015 er endeleg i gang, og folkedanslaget har mange spanande og fine opplevingar planlagt for alle som vil dansa denne våren. Folkedansøvingar Dei faste øvingane til måndagsringen, folkedans for seniorar og fordjupingsøvinga går på same tid som før, med mange kjente spelmenn og instruktørar. Måndag fyrstkommane, 12. januar, er nye dansarar særleg velkomne, så […]

Laga av Lauen Dans&Design