Sol, sva og dansesteg

Helga 13.-14. september var ei gruppe unge vaksne på Eidsholmen for å nyta godt selskap og godt ver. Dei fekk begge deler.

Føremiddagskaffi i sola. Foto: Mari S. Lysne

Føremiddagskaffi i sola. Foto: Mari S. Lysne

Septemberveret kunne ikkje ha vore betre denne helga, og det vart høve til både lange stunder utandørs og ein dupp i sjøen for dei meir hardføre. Både laurdag ettermiddag og søndag føremiddag vart godveret nytta til å ta med kaffikoppen utandørs, og til harde kubb-kampar. Det var òg rom for lange måltid, både korgfest innandørs og grilling utandørs. I tillegg til mat og spel sto det dansekurs på menyen, og Eva-Brita og Erik heldt søndag føremiddag eit kortkurs i lindy hop.

Kubbspeling. Foto: Mari S. Lysne

Harde kubbkampar vart det sjølvsagt tid til. Foto: Mari S. Lysne

Korgfest. Foto: Mari S. Lysne

Korgfest. Foto: Mari S. Lysne

Det neste høvet til å reisa på hytta vert 18. oktober. Då arrangerer folkedanslaget hyttedans for heile ungdomslaget og andre interesserte. Set av kvelden allereie no!

Sjå fleire bilete frå hytta i albumet Eidsholmen.

Laga av Lauen Dans&Design