Vinjekveld

Laurdag 17. november arrangerte Bergen Ungdomslag Ervingen lagskveld med Vinje som tema.

2018 markerer 200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje sin fødselsdag. Vinje vart feira med innslag frå ulike grupper i laget; koret og kvedargruppa song, ungdomsringen dansa til juniorspelemannslaget sin tonar, og Guro Haugen og Thea Sjule framførte ein song. I tillegg kom Jens Khil innom for å halde føredrag om Vinje og journalistikken, og Kirsti Bakken Kristiansen( biletet) hadde konsert og fortalde livleg om Vinje sitt liv. Publikum fekk servert betasuppe, kake og kaffi, og fekk bryne seg på quiz. Kvelden vart avslutta med ‘Blåmann’ som allsong.

Kirsti hadde i tillegg kvedekurs i Gimle same føremiddag, med 17 deltakarar.

Foto: Kjersti Johanne Nybø

Laga av Lauen Dans&Design