«Reven, bjørnen og agurkskurken potet»

Sundag 7.april står born og unge i laget på scena i Fensal. Dei skal vise sitt heilt eige eventyr med song, dans, spel og teater!

Maria Skjeldrum Toppe og Inga Myhr er ansvarleg for førestillinga. Dei er allereie instruktørar på fele og i dans, og kjenner såleis mange av deltakarane. Dei har og erfaring frå liknande prosjekt tidlegare. Laurdag 19. januar samla dei born og unge til fyrste fellesøving i Gimle. Det var liv i heile huset, med øving på replikkar, øving på slåttar og teikning av bilete som skal nyttast som rekvisittar. Instruktørane var godt nøgde med dagen. Borna var tolmodig, og ein kom gjennom fleire scener. Veldig kjekt å sjå at førestillinga tek form.

Målet med førestillinga er å samla alle born og unge i laget som driv med folkedans og folkemusikk, slik at dei blir kjend på tvers av aktivitet. Me meiner det er viktig å byggja eit godt miljø for å halda born og unge i laget. Og stemninga var god rundt bordet i lunsjpausen! Det er også kjekt for deltakarane og sjå samspelet mellom musikk og dans, at ein kan spela for born som dansar og dansa for born som spelar! Me håpar dei kjenner glede og meistring i eigen aktivitet – slik at dei held fram!

Allereie i haust byrja dansarane å læra dansane og spelmennene og læra slåttane som skal nyttast i førestillinga. Gruppene fekk også besøk av Maria og Inga. Alle fekk koma med idear til eventyret, som til dømes kvar handlinga skulle finna stad, kven det skulle handla om osb. Alle innspela er sydd saman til eit nyskrive stykke med førebels tittel «Reven, bjørnen og agurkskurken potet». Meir av handlinga kan du få med deg sundag 7.april!

Førestillinga er ein del av rekrutteringsprosjektet Morgondagens spelemenn, som me har fått stønad til gjennom Folkorg. Midlane kjem frå Dextra Music – eit dotterselskap til Sparebankstiftelsen DNB. Du kan lese om dei andre tildelingane her: I tillegg har laget fått stønad frå Bergen kommune til sjølve førestillinga.

Foto: Kristin Dancke Molvik

Laga av Lauen Dans&Design