Vårhelg på hytta

Helga 24.-25. mai var ein gjeng unge vaksne i laget på lagshytta, Eidsholmen. Trass kald vind vart det moglegheit for både bading, kubb og kaffi i solveggen, i tillegg til inneaktivitetar.

Kubb-vinnarar. Foto: Kjersti Johanne Nybø

Godt nøgde kubb-vinnarar. Foto: Kjersti Johanne Nybø

Me har mange gode instruktørar i laget, og laurdag kveld fekk me moglegheit til å ta del på kortkurs i lindy-hop, godt leidd av Eva-Brita og Erik. Då hadde nokre allereie teke det fyrste badet, og den fyrste kubb-seieren. I kveldinga vart det så korgfest med bugnande bord, og ny kubb-runde. Kaffi og kaker kom på bordet i elleve-tida – lange måltid, gode samtalar og nokre venskapeleg, men harde, omgangar kortspel høyrer til på hyttetur.

Kurs i lindy-hop. Fotograf: Kjersti Johanne Nybø

Lindy-hop. Fotograf: Kjersti Johanne Nybø

Langbord og korgfest i peisestova. Fotograf: Kjersti Johanne Nybø

Langbord og korgfest i peisestova. Fotograf: Kjersti Johanne Nybø

Sjå fleire bilete på flickr-sida vår, og set av datoane for neste hyttetur for unge vaksne (19-ca 35 år), 13.-14. september.

  • Håvard

    Dette er gjengen sin det :-)

    • Det er det absolutt – men det hadde vore plass til ein kjekk kar til ;)
      -Mari

Laga av Lauen Dans&Design