Sundag 7. april kan du sjå musikk- og danseforestillinga “Bjørnen, reven og agurkskurken Potet” i Fensal kl.14.00 eller kl. 16.00. Barn og ungdom frå Bergen ul Ervingen har gjennom vinteren og våren jobba med forestillinga, saman med produsentane Maria Toppe og Inga Myhr. Velkommen til ei spanande forestilling der me møter bjørnen og reven som får […]
Arkiv | Teater
RSS-straum for denne seksjonen
Sommarleir 2017
27. juni til 02. juli vert NU sin Sommarleir for ungdom arrangert på Fana folkehøgskule. Sommarleiren har i år hovudkurs i folkedans, samspel, vokalteknikk, teater og foto. I tillegg får deltakarane prøve seg på fleire ulike kortkurs. Alle kursa har gode instruktørar, så her er det gode moglegheiter for å lære mykje nytt! I tillegg til […]

Samdans- og musikksamling for barneinstruktørar, 28. januar
Bergen ungdomslag Ervingen, saman med Hordaland Ungdomslag skipar til fylkesstemna for born helga 9.-11. juni 2017. Me vil med dette invitera alle lag i Hordaland til ei fin helg i Bergen. Fylkesstemnet er for dei som dansar, driv med teater, spelar eit instrument, eller held på med anna aktivitet. På stemna vert det ulike aktivitetar, […]

Billettsalet er i gang!
Billettsalet for jubileumshelga vår er no i gang! Kjøp billettar: https://bulervingen.ticketco.no/ljom2015 Les meir om kva som skjer: ljombergen.no

Ljom i Bergen 16-18 oktober!
I år er det 10 år sidan BUL Ervingen og BUL Bergen fann saman til Bergen ungdomslag Ervingen! I tillegg er det òg 100 år sidan Gimle vart kjøpt og 50 år sidan Fensal vart kjøpt. Dette skal me sjølvsagt feire! 16-18 oktober vert det storslagen jubileumsfeiring, og me har vald å kalle jubileumshelga for Ljom. […]

Edda/voluspå
Med framsyninga EDDA/voluspå tar kompaniet YMIST. for seg meisterverket Voluspå frå diktsamlinga Den eldre Edda. Ensemblet er sett saman av utøvarar med ulik kunstnarleg og kulturell bakgrunn. I fellesskap tar dei for seg dette norrøne diktet som blir rekna som eit av den nordiske kulturkrinsen sine viktigaste og kanskje mest gåtefulle diktverk. Med utgangspunkt i […]

Til Den Nationale Scene v/ teatersjef Agnete Håland
Bergen ungdomslag Ervingen følgde med under debatten sist vinter om teater på nynorsk, og støtta oppropet frå Jon Fosse. Me arbeider mellom anna for nynorsk og dialektbruk, og er derfor svært opptekne av at også dei tunge kulturinstitusjonane i byen formidlar kultur på begge målformer. I etterkant av debatten har me registrert ei auka bruk […]
Urpremiere på HAV i Gimle
Jon Fosse sitt teaterstykke HAV har urpremiere 22. mai i storsalen i Gimle i samband med Festspillene i Bergen. Den nye framsyninga HAV tek oss med inn i det symbolladde universet til Jon Fosse. Samstundes møtet me hans leikande og forsonlege “små menneskje” som får eit stort lys over liva sine. I storsalen i Gimle […]

Julelagsmøte i kveld!
Ikkje gløym at det er julelagsmøte i kveld! Me feirar at eit godt lagsår er omme med graut, song, loddtrekking, underhaldning, kviss, latter og moro. Det byrjar kl. 18.00 i Gimle.
Nye nettsider!
Endeleg har me fått nye nettsider! Venteleg er det framleis nokre ting som ikkje er heilt på stell, men styret meinte at nettsida var så godt som ferdig, og klar til ein testrunde. Ta kontakt med kontoret om du finn feil eller manglar.