Arkiv | Barn

RSS-straum for denne seksjonen
Dragegjengen i aksjon

Dragegjengen

Spelmannslaget Dragegjengen består av ti andreklassingar ved Krohnengen skule. Dei har i løpet av hausten fått kjennskap til folkedans og folkemusikk. Tysdag 01. desember fekk om lag 30 foreldre, søsken og andre kjente høyre spesialkomponerte slåttar og ta del i dansen. Rett før sommaren tok ei engasjert mor kontakt med laget. Ho ville at borna […]

logo-gjennomsiktig

Ljom i Bergen 16-18 oktober!

I år er det 10 år sidan BUL Ervingen og BUL Bergen fann saman til Bergen ungdomslag Ervingen! I tillegg er det òg 100 år sidan Gimle vart kjøpt og 50 år sidan Fensal vart kjøpt. Dette skal me sjølvsagt feire! 16-18 oktober vert det storslagen jubileumsfeiring, og me har vald å kalle jubileumshelga for Ljom. […]

Dansemann

Gåve til barnelaget

Barnelaget i Bergen ul Ervingen  er tildelt 40 000,- i gåvemidlar frå Fana Sparebank. Pengane skal brukast til rekruttering. Folkedans er ein kjekk aktivitet som passar for alle. Det ynskjer me å formidla til born, slik at dei får lyst til  å delta på barnelaget. Me vil difor tilby kurs for skular og barnehagar i sentrumsområdet. […]

Hyttetur barnelaget

Hyttetur for dei yngste

Helga 18-19 april reiser dei yngste i laget på hyttetur til lagshytta på Eidsholmen i Fana. Både barnelaget og juniorspelmannslaget deltek. Det vert både spel- og dansekurs, samt mange ulike aktivitetar både inne og ute. På programmet står mellom anna formingsaktivitetar, natursti, kveldig, leik og moro. Og sjølvsagt vert det taco om laurdagskvelden! Håpar mange […]

Confetti 2

Familiefolkedanskveld og bursdagsfest!

Sundag 15. mars skipar Bergen ungdomslag Ervingen til familiefolkedanskveld, og bursdagsfeiring for laget, som er 10 år i år. Det heile startar klokka 16.00 i Gimle, der det vert mykje dans og moro. Bergen Juniorspelmannslag står for musikken. Etterkvart vert det kaker, bollar, saft og kaffi, som seg hør og bør på ein bursdagsfest. Etter mykje […]

Bergen Juniorspelmmanslag spelar konsert i Greighallen

Folkeleg tradisjon gjennom musikk!

Sundag 08. februar 2015 spelar Bergen Juniorspelmannslag konsert i Grieghallen! Deltakarane på konserten er spelmannslag og orkester frå både inn- og utland, samt at ungdomsringen deltek med dans. Konserten startar klokka 19.30, og dørene opnar ein time før. Billettar: Born kr. 50 / vaksne kr. 100 Latvisk forrening i Bergen skipar til, og vil frå […]

Julelagsmøte i Bergen ul Ervingen

Julelagsmøte

Det tradisjonelle julelagsmøtet i Bergen ungdomslag Ervingen vert skipa til måndag 8 desember klokka 18-21 i Gimle. Som vanleg vert det julegraut med mandel og premie, åresal, trekking av medlemslotteriet, quiz, underhaldning, allsong og dans. Ta med vener og kjende til Gimle denne kvelden, for å vera med på årets hyggelegaste lagsmøte.

Laga av Lauen Dans&Design