Nissen har vore i Gimle!

Måndag 08.januar var det juletrefest i Gimle. Sjølvaste nissen hadde sett av tid til oss, etter ein velfortent ferie.

Omkring 20 born og like mange vaksne hadde møtt fram i Gimle. Ein fin blanding av barn som dansar i barnelaget eller som har foreldre/besteforeldre som dansar i laget. Ida Marie Rognsvåg og Tora Fjeld leia oss gjennom marsj, langedans, «En bonde i vår by» og mange andre kjekke dansar.

I pausen var det både saft og frukt, til dei som likar søtt! Så måtte me sjekke om nissen hadde fått med seg at det var juletrefest. Me ropte på julenissen, nissen og nissefar! Det høyrte nissen, og kom inn med kipa på ryggen. Han ville gjerne høyre ein song, og vart som du ser godt nøgd då me song ei vise som handla om han.

Nissen hadde ei magisk kipe, for i den var det både sjokolade og godteri. Nissen ville gjerne være med å gå rundt juletreet, og han tok oss med til klappeland, hoppeland, vinkeland og danseland. Me fekk også vaska julekjolen rundt einebærbusken!

Det vart ein triveleg start på våren i barnelaget. Barnelaget øver kvar måndag kl. 17.15 – 18.15 i Gimle, og har plass til born over 5 år som vil danse!

Laga av Lauen Dans&Design