Arkiv | Ymse

RSS-straum for denne seksjonen
Julelagsmøte i Bergen ul Ervingen

Julelagsmøte

Det tradisjonelle julelagsmøtet i Bergen ungdomslag Ervingen vert skipa til måndag 8 desember klokka 18-21 i Gimle. Som vanleg vert det julegraut med mandel og premie, åresal, trekking av medlemslotteriet, quiz, underhaldning, allsong og dans. Ta med vener og kjende til Gimle denne kvelden, for å vera med på årets hyggelegaste lagsmøte.

faneframlegg3

Eit lag, ei fane!

Som dei fleste veit har me i lagsstyret planar om å avduke ei ny lagsfane iløpet av neste år i samband med 10årsjubileet vårt. Etter eit lagsmøte om ungdomslagsfaner, ordskifte og idemyldringar har me kome fram til eit utkast som de kan sjå under. Om det er nokon som har tilbakemeldingar på dette utkastet ber […]

Barn dansar folkedans

Familiefolkedans med eventyrstund

Barnelaget i Bergen ungdomslag Ervingen skipar til familiefolkedanskveld med eventyrstund, sundag 19. oktober klokka 17.00-19.00 Astri Sudmann fortel eventyr og leier dans, leik og moro for både små og store. Servering av saft, kaffi, kaker og frukt. Pris: 60 /  80 for vaksne og gratis for barna. Hjartleg velkomen til ei hyggestund i Gimle, Kong […]

Lagsmøte om lagsfaner

Bergen ungdomslag Ervingen til lagsmøte om lagsfaner, 1. oktober 2014, klokka 19.00-21.00. Liv Marit Idsø presenterer den nye faneboka, som vert lansert i slutten av oktober. Deretter vert det presentasjon av styret sine planar for ny lagsfane. Servering av kaffi og kaker. Stad: Gimle, Kong Oscarsgate 18 Pris: kr 60 / 80

Teatersjef på DNS, Agnethe Haaland

Til Den Nationale Scene v/ teatersjef Agnete Håland

Bergen ungdomslag Ervingen følgde med under debatten sist vinter om teater på nynorsk, og støtta oppropet frå Jon Fosse. Me arbeider mellom anna for nynorsk og dialektbruk, og er derfor svært opptekne av at også dei tunge kulturinstitusjonane i byen formidlar kultur på begge målformer. I etterkant av debatten har me registrert ei auka bruk […]

Laga av Lauen Dans&Design