AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS 2021

                               TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele, som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.

Audhilds med fela

Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend. 

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2021, og er på kr. 15.000,-.

Kappleiken finn stad: 8.-10. oktober i Granvin.

FRIST for innsending av forslag er fredag 17.9.2021.

Forslag skal sendast til:

Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen, e-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no

Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2021”.

For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/

Laga av Lauen Dans&Design