Minneprisen 2021

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS  TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE 2021 er tildelt vår eiga Ingrid Sofie Midtbø–Bruner. Me gratulerar så mykje!

Prisen, som er på 15 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Granvin lørdag 9. oktober. Styret seier dette i grunngjevinga for tildelinga:

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris 2021 går til ein utøvar som allereie har lang fartstid i folkemusikkmiljøet, sin unge alder til tross. Ho har vore med eldre syskjen på kappleikar, konsertar, spelkurs og anna-  fra ho var heilt liten – og så snart ho vart gamal nok – starta ho å spele  hardingfele sjølv. Utøvaren er elev i Osterøy Kulturskule – og aktiv medlem av Bergen juniorspelemannslag  og Osterøy spel – og dansarlag. Ho har Maria Toppe som lærar no – og har tidlegare også hatt Håkon Høgemo som lærar.
Det seiast om utøvaren at ho har god kontroll på slåttar , arrangement  og stemmer i samspel, og er slik ein viktig musikalsk ressurs i ungdomsgruppa og spelemannslaga. Ho har og ei god utvikling med tanke på solospel – og spelar klårt , tydeleg og med god kraft i spelet.
Siden i fjor har ho hatt dobbel kulturskuleplass – noko som ekstra motiverte  elevar kan ha for å få meir tid til å utvikle seg på instrumentet sitt.
Utøvaren er i tillegg til å delta i kulturskule og spelemannslag – ivrig kursdeltager – og med på alt ho kan få med seg av folkemusikkarrangement – som aktiv hardingfele- og felespelar.
Utøvaren spelar og vanleg fele der ho er elev hjå Johanne Mjøs. I tillegg spelar ho klassisk fiolin i Åsane Unge strykere – og ho spelar Canadisk folkemusikk. Utøvaren er altså ein svært allsidig og ivrig ung musikar.

Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.

Prisen er støtta av Sparebanken Vest og har vore delt ut årleg sidan 2007.

Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.

I styret for minneprisen sit: Arne Anderdal, Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Moldestad og Eva Marie Toppe.

_____________________________________________________________________

Snakke med nokon i styret for minneprisen, om tildelinga: 

Eva Marie Toppe tlf. 97769649, Solgunn M.Flaktveit tlf. 99151125

Laga av Lauen Dans&Design