Arkiv | Konsert & Framsyning

RSS-straum for denne seksjonen
Born puslar puslespel med 500 brikker

Hyttetur og hordamønstring

Laurdag 10. mars møtte 24 danse- og speleglade born og vaksne opp på hytta, klare for to dagar med dans, felespel og andre kjekke aktivitetar.   Dagen vart starta med at me spela brettspel og leika gjøymeleik før danse- og felekursa byrja. Det vart spelt både nye tonar og dansa nye trinn. Spelemennene vart inspirerte av snøen og […]

folkemusikkfest

Dansekurs og folkemusikkfest 3. mars 2018

Eit stjernelag med fleire av Nord-Amerikas beste utøvarar innan Cajun-sjangeren kjem til Bergen: The Cajun Country Revival. Bassisten i bandet, Nadine Landry, vil kursa oss i dei viktigaste Cajun-dansane: vals og two-step. Til levande musikk lærer ho bort vals med Cajun-vri og ulike variantar av two-step, som “the jitterbug” og “the zydeco two-step”. Pris: 100 […]

Bergen Juniorspelmannslag. Foto: Knut Utler

Juniorspelmannslaget jubilerar

Bergen junior Spelemannslag jubilerar, og ynskjer at flest mogleg skal vere med å markere at laget har eksistert i 15 år. Som eit ledd i markeringa, blir det kurs i Canadisk felespel, med Patti Kusturok og akkompagnatør på piano, Trent Bruner. Patti Kustrurok kjem frå Winnipeg, og er ein høgt akta felespelar. Ho er tre gonger […]

Maria

Kulturnatt i Gimle, 8. september

I år opnar me kulturnatta i Gimle kl. 19.30 med konsert med femtenårs-jubilanten Bergen Juniorspelmannslag. Deretter får me høyra norsk folkemusikk med Arne Anderdal, Siri Nordgård, Kristoffer Kleiveland og Maria S. Toppe. Dei spelar både til konsert og dans. Velkommen innom for å oppleva norsk folkemusikk og – dans. Gratis inngong.

Sommarleir 2017

Sommarleir 2017

27. juni til 02. juli vert NU sin Sommarleir for ungdom arrangert på Fana folkehøgskule. Sommarleiren har i år hovudkurs i folkedans, samspel, vokalteknikk, teater og foto. I tillegg får deltakarane prøve seg på fleire ulike kortkurs. Alle kursa har gode instruktørar, så her er det gode moglegheiter for å lære mykje nytt!  I tillegg til […]

2012-06-08 12.57.50

Fylkesstemna for born 9.-11. juni 2017

Bergen ungdomslag Ervingen skal skipa til Fylkesstemna for born i alderen 6-13 år i Bergen helga 9.-11.juni 2017. Det er påmeld 111 deltakarar på stemna!  Stemnet vil føregå på Årstad vidaregåande skule og i sentrum av Bergen by. Fylkesstemnet er for dei som dansar, driv med teater, spelar eit instrument eller held på med anna aktivitet. […]

Konsert_KET

Konsert med Kor e Tonen og Voix-Ci Voix-La

Koret Voix-Ci Voix-La frå Lyon i Frankrike kjem på Bergensbesøk etter påske og held konsert i Gimle saman med Kor e Tonen, sundag 23. april kl. 18. Det vert eit rikhaldig program med innslag av madrigalar, folketonar, poplåter, french chansons, jazz, og meir. Velkommen til ein herleg vårkonsert med variert og flott korsong! https://www.facebook.com/events/1896983353850301/

Laga av Lauen Dans&Design