Dansekurs – polska med Ami Dregelid og Fredrik Lundberg

10.-12. november i Gimle.

På dette kurset kjem du til å få dansa polska til Fredrik sitt spel frå Värmland i Vest-Sverige. Undervisning med Ami og Fredrik har alltid eit sterkt fokus på både det musikalske og på dansen. Me bruker metodar som utgår frå Fredrik sitt spel og der du får dansa mykje. Me kjem til å jobba med til dømes snurr og sväng, balanse og teknikk, svikt og samdans, tydelegheit og flyt – alt for å få til ein avspend, energifyld og musikalsk dans i samspel med den du dansar med og med musikken. Målet er at det skal vera lett og kjekt, men samstundes gje djupare kunnskap som du òg får bruk for i annan pardans.

Ami og Fredrik liker veldig godt å undervisa saman. Dei har eit mangeårig samarbeid som bygger på deira store intresse for dans, dansespel og spel, og korleis musikken og dansen fungerer saman. ”Me synest det er kjekt å undersøka ting og prøva oss fram saman med kursdeltakarane.”

Ami Dregelid er kjend både som dansar og pedagog og eit viktig førebilete innan folkedansen i dag. Ho har over 25 års erfaring med utdanning i folkedans og dansen og undervisninga hennar har hatt stor innverknad på folkedansmiljøet og utvikla praksisen på feltet. For Ami er samspelet med musikken og dansepartnaren sentralt, og ho har i løpet av mange år utvikla metodar for å formidla det når ho underviser. Ho er lærar på folkedanskurset på Eric Sahlström Institutet, underviser i dans og spel på Kungliga musikhögskolan i Stockholm og på Stockholms konstnärliga högskola og har kurs både i Noreg og i Sverige.

Fredrik Lundberg, spelemann og pedagog frå Arvika, har vore ein del av den tradisjonelle Värmlandske og svenske folkemusikken sidan seint 80-tal og har spelt og undervist profesjonelt i over 30 år. Spel til dans har alltid vore sentralt for Fredrik. Han og Ami har undervist saman sidan midten av 90-talet, og dei har fundert, diskutert og testa veldig mykje rundt forholdet mellom musikk og dans. ”Å spela på dansekurs er noko av det beste eg veit. Å få via meg til samspelet med dansarane er fantastisk. Då får eg til et spel, ein musikk, som eg aldri får til når eg bare speler for meg sjølv. Det er eit privilegium.

Praktisk informasjon:
Påmelding:
Fristen for å melda seg på er 15. oktober. Send påmelding på e-post til kontoret@bergen.ungdomslag.no, eller skriv deg på ei liste på måndagsringen eller onsdagsringen.

Kursavgift:
550 for studentar og medlemmar i Bergen ungdomslag Ervingen
750 for ikkje-medlemmar
Kursavgifta inkluderer kaffi/te og frukt. Lunsj må ein sørga for sjølv, men det er mange ulike typar stader der ein kan få tak i mat like i nærleiken av Gimle.

Timeplan:
Fredag: 19.00-20.30
Laurdag: 10.00-17.00
Sundag: 11.00-14.30

Laga av Lauen Dans&Design