Andrea Antun Mikkelsen er vinnar av Audhild Flaktveit Moxnes minnepris 2023

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE 2023 er tildelt Andrea Antun Mikkelsen, født 2005.

Prisen, som er på 15 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Gimle, Bergen, fredag 13. oktober.

Andrea begynte å spele hardingfele som liten – i kulturskulen i Bergen. Her fekk ho undervisning hjå Elna Selle og seinare hjå Maria S. Toppe.

Prisvinnaren vert av lærarane sine karakterisert som ein alltid positiv, arbeidsam og  lærevillig elev.

Ho møter godt forberedt til speletimar, øvingar og konsertar. Ho vil gjerne lære nye slåttar , ho likar variasjonar i spelet og å høyre historiene som er knytta til  slåttane. Prisvinnaren likar godt å spele til dans – og ho har eit stødig solospel. I tillegg er ho glad i samspel i gruppe og lag. Andrea er ein ivrig kappleiksdeltakar både som soloutøvar og i grupper. Ein finn ho og ofte på spelkurs.

Prisvinnaren er med i Osterøy spel- og dansarlag og i Bergen Juniorspelemannslag.

Det siste året har ho blitt valgt ut til å delta i eit nytt fordjupingsprogram i folkemusikk – i lag med andre talentfulle ungdomar frå Vestland fylke. Det seies om prisvinnaren at ho er ein stødig musikalsk ressurs både i denne ungdomsgruppa – og blant  felespelarane i laga. Ho har og vore instruktør på samlingar for yngre elevar. Med sitt gode humør og inkluderande vesen er ho eit godt førebilete for dei yngre felespelarane.

”Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.”

Prisen er støtta av Sparebanken Vest med fleire, og har vore delt ut årleg sidan 2007.

Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.

Styret for minneprisen:

Arne Anderdal, Solgunn Kronen Flaktveit, Sigrid Moldestad og Eva Marie Toppe.

_____________________________________________________________________

For meir informasjon eller spørsmål:

Nettstad: http://www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/

Snakke med nokon i styret for minneprisen, om tildelinga: 

Eva Marie Toppe tlf. 97769649, Solgunn Kronen Flaktveit tlf. 99151125

Laga av Lauen Dans&Design