Lyst til å dansa folkedans?

Fire måndagar i januar og februar har du sjansen til å få ei innføring i det grunnleggande! Borghild Opdahl har lang erfaring som instruktør for både nybegynnarar og erfarne dansarar, og leier deg trygt gjennom fleire av dei mest vanlege dansane. Det blir levande musikk på kurset.

Praktisk informasjon:
Tid: 15., 22. og 29. januar og 5. februar 2024 frå 18.30 til 19.30. (Ikkje fått nok? Då kan du vera med på den faste øvinga vår frå 19.30)
Pris: 200 kroner for studentar og medlemmar i Bergen ungdomslag Ervingen, 300 kroner for andre.
Påmelding: Send ein e-post til kontoret@bergen.ungdomslag.no innan 8. januar.

Spørsmål? Ta kontakt med Gunn Inger: gunn_inger@hotmail.com

Laga av Lauen Dans&Design