Om oss

Bergen ungdomslag Ervingen er ein frilyndt og ideell kulturorganisasjon med tilhald i hjartet av Bergen.

Føremålet til laget er å arbeide for norsk kultur og mål og laget skal vera ein aktiv medspelar i utviklinga av eit levande og godt miljø for alle aldersgrupper. Hovudaktivitetane i laget er folkedans, folkemusikk, amatørteater, kor, og målpolitikk. Laget er ein generasjonsorganisasjon, noko som blir gjenspegla i aktivitetane våre der folk frå 18 til 80 år deltek på same aktivitet! I tillegg har me aktivitetar som er meir tilrettelagt for spesielle aldersgrupper og nivå.

Gjennom Bergen ungdomslag Ervingen får medlemane tilbod om mange ulike aktivitetar, samt å delta på kurs, seminar, stemne og festivalar. Kvart år er det fylkesstemne og festivalar der ein får ta del i dei aller fleste aktivitetane som organisasjonane har.

Laget vart skipa 2. mars 2005, og er ei vidareføring av Bondeungdomslaget i Bergen og Bondeungdomslaget Ervingen. Du kan lese meir om historia vår her.

Laget er tilmeld Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, og skal samarbeida med hovudorganisasjonane og nærskylde lag. I tillegg er nokre særlag medlem av andre organisasjonar som Noregs Korforbund og FolkOrg. Laget er òg tilknytta Amatørkulturrådet i Bergen, Bygdelagsnemndi i BergenFortidsminneforeiningaKringkastingsringen, og SN-Sambandet

Du er hjartleg velkommen. Og me håpar du og vil kjenna deg velkommen hjå oss!

Laga av Lauen Dans&Design