BULEskit er teatergruppa i Bergen ungdomslag Ervingen.
Namnet BULEskit er direkte oversatt Bullshit frå engelsk til nynorsk. Det er også initialane til Bergen ungdomslag Ervingen – altså BULE. Alle desse ingrediensane gjer seg då namnet BULEskit – eit namn som skil seg ut bland andre teatergrupper. Gruppa har og ei eiga heimeside.
I BULEskit arrangerer vi ulike typar aktivitetar utanom dei ordinære øvingane:
Kva gjer ein på ei øving?
Det varierer frå gong til gong. For tida fokuserar vi på improvisasjon og det å bli kjent med dei andre i gruppa.
Treng eg erfaring frå andre teater for å bli med i BULEskit?
Nei, teateret tek inn medlemmar utan erfaring. Vi tek inn nye medlemmar i haust. Send ein e-post til buleskit@hotmail.com
Kor tid og kor ofte øver BULEskit?
Vi har øvingar kvar torsdag klokka 20:00, unntatt torsdagar i samband med høgtider eller andre fridagar.
Kva alder er det på dei som er med i Buleskit?
Så langt er eldstemann 34 år og yngstemann 20 år. Dei andre er jamnt fordelt mellom desse.
Websidene er på nynorsk, held de til langt ute på landet?
Nei da, vi held til i fine og romslege lokaler midt i Bergen sentrum (Kong Oscarsgate 18). BULEskit er ein del av Bergen ungdomslag Ervingen og difor er skriftspråket vårt nynorsk. Skodespelarane kjem frå alle delar av Noreg og snakkar alle slags merkelege dialektar. For øvrig er teateret nokså rotlaust når det gjeld politikk og religion.
Skal BULEskit halde nokon oppsetninger dette året?
Meir informasjon kjem etter kvart.










