Arkiv | Fest

RSS-straum for denne seksjonen
Maria og Eva Marie Skjeldrum Toppe. Foto: Kjersti J. Nybø

Dans- og spelmaraton 2017

Maraton er eit løp som går over 42 195 m. Ordet «maraton» blir ofte brukt for å skildra noko som krev stort uthald. 28. januar inviterer me spreke dansarar og spelemenn/-kvinner til å delta på årets kjekkaste uthaldsløp, nemleg dans- og spelmaraton i Gimle. Dans I ein kveld fullstappa med mykje god dansemusikk vert det høve til […]

Barn dansar folkedans

Samdans- og musikksamling for barneinstruktørar, 28. januar

Bergen ungdomslag Ervingen, saman med Hordaland Ungdomslag skipar til fylkesstemna for born helga 9.-11. juni 2017. Me vil med dette invitera alle lag i Hordaland til ei fin helg i Bergen. Fylkesstemnet er for dei som dansar, driv med teater, spelar eit instrument, eller held på med anna aktivitet. På stemna vert det ulike aktivitetar, […]

nisse-med-fele

Julelagsmøte 12. desember

Måndag 12. desember vert det julegraut, åresal, trekking av medlemslotteriet, underhaldning og julesongar i Gimle. Det tradisjonelle julelagsmøtet til Bergen ungdomslag Ervingen vert halde denne dagen, og det heile startar kl. 18.00. Kven får mandelen iår? Er grauten like god som alltid? Vert det quiz? Kven vinn hovudvinsten i medlemslotteriet? Kven har seld flest loddbøker? […]

Bergen Juniorspelmannslag. Foto: Knut Utler

Meisterkonsert, Oslokappleik og folkemusikktime

Mange spente unge hardingfelespelarar frå Bergen juniorspelemannslag drog over fjellet til Oslo helga 18. – 20. november. Dei fleste hadde base på Haraldsheimen, og nytta føremiddagen laurdag til ulike opplevingar i storbyen. Første musikalske stopp var Oslokappleiken med deltaking i lagspel junior. Det vart overlegen seier i lagspel med 68 poeng føre Vågå juniorspelemannlag med […]

Juniorspelmannslaget LK 2016

Juniorspelmannslaget på Meisterkonsert

Sundag 20. november 2016 står eit stort knippe klassevinnarar frå Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk på hovudscena i Operaen. Mellom anna får du høyra vårt eige Juniorspelmannslag, som vann klassa for Lagspel junior under Landskapplieken i sommar. Me er utruleg stolte over dei unge spelmennene våre, og ynskjer dei lukke til i Operaen, og på Oslokappleiken […]

timoty

Dårlege idear og glade ungar

Rine og Ravi liker å lære nye ting. Men på skulen er ikkje dette lett. Lærar-Knut er nemleg veldig glad i bråk og tull, og han er ein meister i dårlege idear. Og ein må vel gjere slik læraren seier? Forfattar Vegard Markhus besøkte Gimle under familiefolkedans- og barnebokkvelden sundag 23. oktober. Omlag 40-50 ungar og […]

Mann som kanskje kan vera aktuell som julenisse.

Søker medlem med naturleg skjegg

Måndag 9. januar arrangerer barnelaget juletrefest i Gimle. Då julenissen er på ferie, treng me ein vikar. Me har vore i kontakt med Manpower, men det er få tilgjengelege nissevikarar i denne travle nissetida. Om du ikkje har skjegg, kan du byrja å spara nå. Kvalifikasjonar: – kler raudt – liker ungeskrik – får plass […]

Folkedansarar dansar stordans på Schøtstuene

Stor stemning på Schøtstuene!

Laurdag 17. september inntok nærare seksti dansarar Schøtstuene for ein heilaftan med dans til gamle songar om store kråker, unge møyar, riddarar og stormfulle reiser. I løpet av kvelden var ein òg innom kjempar, helgenar, mange tragiske skjebnar og heldigvis ein og annan lykkeleg slutt under leiing av mange ulike skiparar eller forsongarar. Stordansen blei […]

Laga av Lauen Dans&Design