Vedtekter

Vedtektene er fastsett 27.11.2006 av Solgunn Flaktveit og Erling Moxnes, med tilslutting frå styret i Hordaland Folkemusikklag og styret i Bergen ungdomslag Ervingen

Vedtektene vart endra av styret i minneprisen med vedtak 22. sep. 2009 (paragraf 5)

  1. Bakgrunnen for oppretting av minneprisen har vore eit ønske om å oppmuntra unge utøvarar på hardingfele, og slik minnast ho Audhild. Audhild var aktiv utøvar på hardingfele og ho dansa folkedans. Som lita jente vart ho med i barneleikarring, og i ung alder byrja ho å spele hardingfele. Audhild hadde mange vener i folkemusikkmiljøet, og slik sett vil ein minnepris utdelt til andre unge kjennast rett. Audhild omkom i ei trafikkulykke 19. mars 2004, og ho vart berre 17 år gammal. Starten på fondet er knytt opp mot ”Ein sjeldan blome”, minnekonserten i Gimle, Bergen, 10. mars 2006.
  2. Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som tilsvarer C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.
  3. Minneprisen sin konto er eit bruksfond der både kapital og renter kan nyttast til minneprisen sitt formål, dette gjeld også kapital og renter som seinare måtte bli tilført minneprisen. Midlane står på konto i Fana Sparebank, konto 3411.27.37245, tilhøyrande Hordaland folkemusikklag. Dei skal nyttast til minneprisen og kostnader knytt til denne.
  4. Styret skal stå for utveljing av kandidat og tildeling av minneprisen. Styret skal bestemma størrelse på tildelinga. Dei skal vidare velja arena for utdeling av minneprisen, t.d. Vestlandskappleiken. Minneprisen bør delast ut årleg.
  5. Styret for minneprisen: Styret har 4 medlemmer. Alle har lik røysterett, men i avgjerder der det er likt røystetal for fleire alternativ, har familien sin representant dobbeltstemme.
    • Hordaland Folkemusikklag vel 2 representant.
    • Bergen ungdomslag Ervingen vel 1 representant.
    • Familien vel 1 representant.

    Medlemmene har personlege varamedlemmer. Skulle Hordaland Folkemusikklag for kortare eller lengre periodar vera ute av drift, skal Bergen ungdomslag Ervingen ha ansvaret for folkemusikklaget sine funksjonar.

  6. Minneprisen har eige rekneskap. Styret har råderett over midlane og ansvar for at det vert ført rekneskap og oppnevnt revisor. I opprettingsfasen har Hordaland Folkemusikklag rekneskap og revisjon. Styret tek stilling til når kapitalen er for liten til at det kan utdelast ein minnepris. Styret avgjer då korleis minneprisen skal avviklast og korleis restmidlane skal nyttast.
  7. Endring av vedtektene kan gjerast etter samrøystes vedtak i styret.
Laga av Lauen Dans&Design